Ny teknologi skal gi betre vedlikehald av ferjekaier
Ved Magerholm ferjekai i Ålesund kommune er det nyleg installert avanserte sensorar som skal gi betre innsikt i korleis kaier blir påverka av naturkrefter og dagleg bruk. Målet er å utvikle smartare metodar for å oppdage skadar og planlegge vedlikehald.
Installasjonen er ein del av forskingsprosjektet SARTORIUS, eit samarbeid mellom NTNU, Møre og Romsdal fylkeskommune, Transportøkonomisk institutt, Statens vegvesen og Katholieke Universiteit Leuven i Belgia (KU Leuven). Prosjektet undersøker korleis sensordata kan brukast til å overvake tilstanden på kaikonstruksjonar, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
Fangar opp endringar i konstruksjonen
– Denne kaia er no full av svært sensitive sensorar som fangar opp endringar i konstruksjonen, seier Ingrid Anne Lervik, bru- og kaiforvaltar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Endringane kan skuldast korrosjon, sprekkar, lause boltar eller påkjenningar frå ferjer, bølgjer og vind. SARTORIUS-prosjektet har som mål å kartlegge slike påkjenningar og hendingar, og identifisere kva sensorteknologi som eignar seg best til å oppdage dei mest kritiske skadane. Dette skal gi eit solid grunnlag for inspeksjon og vedlikehald.
Forskarane ser også på resiliens, altså konstruksjonar si evne til å tilpasse seg hendingar, motstå påverknad, respondere effektivt og raskt gjenoppta funksjon. Auka resiliens gir kaia lengre levetid og større samfunnsnytte. Prosjektet skal utvikle metodar for å berekne resiliensen til ferjekaier, med klimaendringar som ein viktig faktor.
Den siste installasjonen vart gjennomført i oktober av det tekniske teamet og forskarar frå KU Leuven, i samarbeid med NTNU og fagpersonar frå fylkeskommunen.
– Vi lærer korleis naturkrefter og ferjedrift påverkar kaikonstruksjonen, og kan identifisere signal som tyder på skade. Denne kunnskapen er avgjerande for å utvikle betre vedlikehaldsstrategiar, seier Torodd Skjerve Nord, førsteamanuensis ved NTNU.
Noregs mest instrumenterte kai
I prosjektet har kaia har fått namnet Magerholm forskingskai, og NTNU har investert over 1,5 millionar kroner i instrumentering. Ho er no den mest instrumenterte kaia i Noreg, og dei involverte melder om internasjonal interesse for prosjektet sine måledata. Systemet med fiberoptiske strekkmålarar er det mest sensitive som finst, og er utvikla av KU Leuven, som er leiande i Europa på dette feltet.
NTNU har tre stipendiatar, medan KU Leuven har ein postdoktor som arbeider med ferjekaier og hamner. Møre og Romsdal fylkeskommune har vore partnar sidan starten av samarbeidet med NTNU i 2021.
Magerholm ferjekai er ein del av ferjesambandet Sykkylven–Magerholm på fylkesveg 60 over Storfjorden, og blir drive av Fjord1.