MS «Gullaas» under slep etter grunnstøting onsdag 25. januar

Lasteskip gjekk på grunn

Skipet er norskregistrert.

Publisert Sist oppdatert

Hendinga fann stad i Buefjorden, like utanfor Bulandet i 7-tida onsdag morgon.

Det er lasteskipet «Gullaas» som har gått på grunn.

Kystvakten og redningsselskapet er på veg til staden for å slepa skipet.

Hovudredningssentralen melder på Twitter at situasjonen er under kontroll og at det ikkje er snakk om personskader.

– Det er eit kystcargoskip som har fått skade på roret etter grunnberøring, det har ikkje eigen styring, så det vert no slept på verkstad, fortel redningsleiar Owe Frøland, til VG.

Kystvaktskipet «Sortland» skal slepe lastefartøyet.

– Vi skal i gang med slep, seier skipssjef Fredrik Synnes til BT.

Det er ikkje helt avklart kvar skipet skal slepast men det vert truleg inn til Solund.

- Det er ingen dramatikk og bra vêr i området, seier skipssjefen.