Desse kjempar om ny losbåtkontrakt
Etter ein grundig kvalifiseringsprosess er til saman seks leverandørar vidare i konkurransen om ny driftsavtale for tilbringarteneste med losbåt hos Kystverket.
Losbåttenesta sørger for at losane kjem seg sikkert og effektivt til og frå sine losoppdrag langs heile kysten - og Kystverket skal inngå ny driftsavtale med leveranseoppstart frå 2028.
– Det er veldig gledeleg å sjå at så mange har valt å delta i konkurransen, og vi sit no igjen med seks solide leverandørar som er med vidare. Tilbodsfristen er i januar og vi har sett av sju veker til forhandlingar. Målet er å kunne tildele kontraktar innan 1. mai, seier prosjektleiar i Kystverket, Christina Rörick.
Leverandørar må i samarbeid med Kystverket bidra til å redusere utslepp frå tenesta i heile kontraktsperioden. Den nye kontrakten har ein verdi på mellom 3,5 og 4,5 milliardar kroner, og er delt inn i fire geografiske områder.
Desse aktørane er kvalifiserte:
- Buksér og Berging AS
- Fjord1 AS
- GulenSkyss
- Rødne Trafikk
- Silver Liner
- Simon Møkster Shipping AS