Vann kontrakt på to kabelleggingsfartøy 

OMS Group har signert kontraktar med Ulstein om design og bygging av to kabelleggingsfartøy.

Publisert Sist oppdatert

Kontraktane vart inngått 23. desember 2025. Fartøya er designa for svært gode installasjonskapasitetar og låge karbonutslepp. Løysingane innan engineering og drift skal sikre optimal legging av undersjøiske nettverk.

– Denne flåteutvidinga viser OMS Group si strategiske satsing på å byggje ein framtidsretta flåte som støttar den raskt veksande digitale økonomien. Partnarskapet med ULSTEIN®, og integrasjonen av X-BOW®-designet, understrekar engasjementet vårt for yteevne, miljø og kvalitet, seier Datuk Lim Soon Foo, grunnleggjar og styreleiar i OMS Group.

Ronnie Lim, konsernsjef i OMS Group, legg til:

– Den aukande etterspurnaden etter global nettverkstilkopling har gjort flåtekapasitet til ein kritisk flaskehals. Dei nye fartøya styrkar evna vår til å utføre store, komplekse kabelinstallasjonar på ein påliteleg måte, og posisjonerer OMS Group for neste vekstfase i den digitale infrastrukturen.

– Vi ser fram til å samarbeide med OMS Group om neste generasjons kabelleggingsfartøy, kontraktane stadfestar Ulstein sin posisjon innan design og bygging av spesialfartøy. Ved å integrere ULSTEIN® X-BOW®-designet med avanserte teknologiar som ULSTEIN® POWER Variable Speed Generator (VSG), leverer Ulstein fartøy som set nye standardar i denne marknaden. Løysingane reduserer drivstofforbruk og utslepp og forbetrar operasjonell effektivitet. Saman med OMS Group støttar vi den digitale infrastrukturen globalt med berekraftige og framtidsretta løysingar, seier Gunvor Ulstein.

ULSTEIN SX252

ULSTEIN SX252-fartøya er designa av Ulstein Design & Solutions AS og er planlagd leverte frå Ulstein Verft i 2028. 

Dei er 130 meter lange og 22 meter breie, med kapasitet på opptil 6.500 tonn kabel. Dei har innreiing for 75 personar.

Fartøya har to store kabeltankar og to reservekabeltankar, og kabeldekket der kabelleggingsutstyret er plassert, er overbygd med ein hangar. På toppen av hangaren er det eit stort ope dekk for ROV-ar og konteinarar. 

Skipet er også utrusta med ei 50-tonns A-ramme med slepevinsj for pløying. ULSTEIN X-BOW® gir mindre rørsler, noko som gir mindre slitasje på kablar og kabelutstyr, og aukar tryggleik og operasjonsevne sjølv i dårleg ver og høge bølgjer.