Dei noverande hurtigbåtane mellom Bergen, Sogn/Flåm og Nordfjord skal skiftast ut med klimavennlege båtar.
Dei noverande hurtigbåtane mellom Bergen, Sogn/Flåm og Nordfjord skal skiftast ut med klimavennlege båtar.

Klar for klimavennlege hurtigbåtar

– No får me klimavennlege hurtigbåtar som kuttar utsleppa drastisk, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkesutvalet skriv i ei pressemelding at dei i torsdag vedtok å lysa ut anbod som kan kutte klimagassutsleppa med over 85 prosent på dei nye hurtigbåtane mellom Bergen, Sogn/Flåm og Nordfjord.

– Me har spurt verftsindustrien, og dei er klare til å levera klimavennlege hurtigbåtar. Krava våre til reduserte utslepp bidrar til teknologiutvikling og næringsutvikling. Og dette vil bidra til mindre forureining og betre luft. Me greidde det med ferjene. No står hurtigbåtane for tur. Dette er eit godt steg vidare på veg mot nullutsleppsfylke, seier fylkesordføraren.

I drift så snart som mogeleg

Dei nye hurtigbåtane skal stå klare til drift så snart som mogeleg og seinast til 1. desember 2026. Driftskontraktane i dag kan lengast til 30. november 2026.

– Hurtigbåtane er livsnerva langs kysten av fylket vårt. Dei skal halde fram på om lag same nivå som i dag. Sambanda er viktige for næringslivet, folk som skal på jobb, turistane og alle andre reisande langs kysten, seier Askeland.

Kutte 17 000 tonn CO2 årleg

Hurtigbåtane mellom Bergen, Sogn/Flåm og Nordfjord er dei mest energikrevjande hurtigbåtsambanda i landet, kjem det fram i pressemeldinga.

– Med dei nye kontraktane er me er svært ambisiøse og offensive og skal kutte utsleppa med 85 til 90 prosent årleg. Det utgjer 17 000 tonn CO2. Desse hurtigbåtane forureinar mykje. Skal me nå målsettingane om mindre utslepp, er me nøydde til å få meir miljøvennlege hurtigbåtar, seier fylkesordføraren.

Minst 70 prosent nullutsleppsdrift

Fylkesutvalet har gjeve fylkesdirektøren fullmakt til å kunngjere konkurranse og inngå kontrakt for drift av hurtigbåtane.

I kontraktane vert det stilt krav til kutt i klimagassutslepp og krav om fornybar energi for å sikra minst 70 prosent nullutsleppsdrift og klimagassreduksjonar på over 85 prosent. I tillegg skal bonus motivere til ytterlegare kutt. For resterande bruk av biodrivstoff i forbrenningsmotor blir det og stilt krav om reinsing for å betre den lokale luftkvaliteten.

Det er ikkje stilt krav til teknologi. Det blir difor opna for alle typar miljøvennleg energi som batteri, hydrogen eller ammoniakk. Batteribyte på hurtigbåtane er og aktuelt. Eventuell infrastruktur for lading og framføring av straum, må vere på plass innan driftsstart.

Operatør kan gjere mindre justeringar av rutetabellen ved bruk av batteribyte eller lading undervegs.

Auka kostnader

Dei meir miljøvennlege hurtigbåtane vil medføra auka kostnader for fylkeskommunen. Staten har gjeve 50 millionar kroner i støtte via Klimasats. Det er og venta støtta frå NOx-fondet.

Meirkostnadane til drift er utrekna til mellom 63,5 og 136 millionar kroner pr. år. I tillegg er det rekna med eingongskostnadar på mellom 183 og 206 millionar kroner. Endeleg tilbodspris vil vere svært avhengig av framtidig utvikling i energiprisane.

– Nasjonale styremakter har tidlegare gitt signal om støtte til miljøvennlege hurtigbåtar. I tillegg følger me her opp tydelege statlege forventingar om klimavennlege hurtigbåtar. Utover støtta me alt har fått, forventar me derfor at staten kompenserer dei auka kostnadene, seier fylkesordførar Jon Askeland.

300 000 passasjerar årleg

Dei nye driftskontraktane skal også opne for eventuell omlegging av seglingsleia i Solund, frå Krakhella til Hardbakke.

Dei nye hurtigbåtane skal vere universelt utforma. Driftskontrakten skal gjelde for 15 år.

Årleg reiser rundt 300 000 passasjerar med dei fire hurtigbåtane på sambanda. Dei har anløp i 22 hamner. Totalt køyrer båtane om lag 600 000 kilometer årleg.