Hege Økland, CEO Maritime CleanTech.

Hege Økland har fått ny toppjobb – sluttar som direktør i Maritime CleanTech

Gjennom 11 år har Maritime CleanTech og Hege Økland sett dagsorden for den norske satsinga på grøn skipsfart. Det blir lagt merke til verda over. No tek Økland ei ny leiarrolle i energiomstillinga.

Publisert Sist oppdatert

I oktober går Økland går over til stillinga som leiar av Hy2gen Norge AS, som er eigd av det tyske selskapet Hy2Gen AG. Framover skal dei satsa tungt på å bygga hydrogenproduksjon med tilhøyrande infrastruktur langs kysten.

Frå oppstart til 150 partnarar

- Det blir vemodig å gi frå seg nøkkelkortet i haust. Eg har hatt ei fantastisk tid saman med dyktige kollegaer i oppbygginga av dette unike innovasjonsmiljøet, likevel kjenner eg at timinga er riktig. No forlet eg ei solid og moden klynge, med stadig fleire banebrytande prosjekt, og sjølv er eg klar for nye utfordringar, seier Økland.

Hege Økland har leia Maritime CleanTech heilt sidan opprettinga i 2011, då åtte framsynte medlemsbedrifter gjekk saman for å utvikla meir energieffektive og klimavenlege løysingar for skipsfarten, tufta på den leiande maritime kompetansen som finst i regionen mellom Bergen og Stavanger.

I dag er Maritime CleanTech ei komplett internasjonal næringsklynge med over 150 partnarar.

Fleire prosjekt og aukande interesse

Styreleiar i Maritime CleanTech, Bjørn Sundland, er tydeleg på at arbeidet til Økland og Maritime CleanTech er av stor betyding for det grøne skiftet i ei tradisjonstung næring.

- Det er viktig for norsk samfunnsutvikling at den maritime industrien vår er i førarsetet i den grøne omstillinga. At den dyktige direktøren vår gjennom 11 år no tar på seg ei ny internasjonal oppgåve for å bidra til dette, styrkar trua vår på at me saman kan nå klimamåla. Hege Økland har gjort ein formidabel jobb med å få i gang eit grønt paradigmeskifte i maritim industri. Det har bidrege til at Noreg no er fremst i utviklinga av nye teknologiar som kuttar utslepp i skipsfarten, seier Sundland.

Styret har no starta rekrutteringa av ny direktør til Maritime CleanTech. Som følge av stadig aukande prosjektportefølje, skal det også rekrutterast til fleire nye stillingar i administrasjonen. Maritime CleanTech har sitt hovudkontor på Stord, med avdelingar i Bergen og Stavanger.

Utmerkar seg

Næringsklynga er eigd og drive fram av industrien – med representantar frå heile den grøne maritime verdikjeda.

- Medlemsbedriftene våre peikar på dei store behova for risikoavlasting, samarbeid om teknologiutvikling og tett politisk kontakt. Her utmerkar Maritime CleanTech seg, og me ser eit stadig tilsig av nye medlemmer. Det er eit solid team i administrasjonen som no tar organisasjonen vidare, med fleire betydelege teknologisatsingar i emning, seier styreleiar Bjørn Sundland.