Ulstein Verft oppgraderer «Windea Leibniz» til utvida arbeid i havvind

Ulstein Verft oppgraderer «Windea Leibniz» til utvida arbeid i havvind

Ulstein Verft rustar opp «Windea Leibniz»

Skipet skal bli meir eigna til arbeid med havvind. Opprustinga gjer at fartøyet kan ta på seg oppdrag i Østersjøen i tilegg til Nordsjøen.

Publisert

- Serviceoperasjonsskipet (SOV) blei levert av Ulstein Verft i 2017 og framstår heilt nytt, som om det vart levert i går. Kvaliteten og finishen er eineståande. Dette er ein av grunnane til at vi vel å utføre oppgraderinga ved Ulstein Verft, skriv administrerande direktør Matthias Müller i Bernhard Schulte Offshore, i ei pressemelding.

Stor oppgradering

Verftet skal montera ein justerbar pidestall for gangbrua og auka talet enkeltlugarar for klientar med 50 prosent.

– Etter ombygginga vil dette vera eitt av svært få fartøy som har 60 enkeltlugarar for klientar, mot dagens 40. Det betyr at me kan ta inn fleire personar, slik at fartøyet kan operere som ein konstruksjons-SOV (CSOV), fortel Müller og held fram:

- Ved å installere ein justerbar pidestall for Uptime-gangvegen kan fartøyet arbeide på alle påstigingshøgder, også kalla TP-høgdar, i Nordsjøen. Det vil vera ein av få spesialbygde SOV-ar som kan arbeide i Østersjøen der TP-høgdene er lågare.

«Windea Leibniz» ankom Ulstein Verft heilt i slutten av oktober i år.
«Windea Leibniz» ankom Ulstein Verft heilt i slutten av oktober i år.

Høge forventingar

«Windea Leibniz» har vist seg å vera eit svært kapabelt fartøy heilt frå starten.

- Det har gjort ein god jobb i fem år for Siemens Gamesa, og utført effektiv service ved havvindparkane Sandbank og DanTysk som ein del av deira servicekonsept. Etter dette har skipet gjennomført eit oppdrag i sommar for GE ved havvindparken Merkur Offshore. I det siste har skipet støtta installasjonen av kablane mellom turbinane i ein vindpark som er under bygging i Østersjøen, forklarar Müller.

Skipet kom til Ulstein Verft 31.oktober i år. Oppgraderinga er planlagt ferdigtstilt i februar 2023.

- Me har høge forventingar til dette førtøyet. Det er allereie eit førsteklasses skip, med eit svært lavt drivstofforbruk i DP. Vår intensjon er å styrka den operasjonelle felksibiliteten til skipet endå meir, avsluttar Müller.