"Vision of The Fjords" stod ferdig i 2016.

Vert eineeigar i The Fjords

Norway’s Best Group AS («NBG») kjøper Havila sin 50 prosent andel i The Fjords og blir eineeigar.

– Med 100 prosent eigarskap i The Fjords vil NBG vere enno betre rusta til å realisere vår ambisjon som nasjonalt reiselivsselskap, innan både land- og sjøbaserte opplevingar. Vårt langsiktige mål er å etablere fleire heilskaplege reisemål i Norge, tilsvarande det vi har gjort i Flåm, seier Per Brochmann, konsernleiar i NBG i ei pressemelding.

The Fjords er eit selskap som kombinerer maritim industri og reiseliv gjennom innovative nullutsleppsfartøy med attraktive fjordbaserte reiselivsopplevingar.

John Vonli, som er dagleg leiar i The Fjords, vil halde fram i funksjonen, går det fram.

– Fjordaktiviteten er ein svært sentral og strategisk viktig del av verksemda til NBG. Då vi fekk anledning til å ta fullt eigarskap, vart det ein attraktiv moglegheit for oss til å auke vår eksponering innan norsk reiseliv. Samarbeidet med Fjord1 har vore avgjerande for å bringe denne satsinga til det den er i dag. Det er derfor med ei kjensle av audmjukskap, men likevel stor optimisme, at vi ser fram til å vidareutvikle The Fjords under fullt eigarskap, seier Brochmann.

– Det har vore utruleg spennande å vere med på satsinga rundt The Fjords, eit selskap som verkeleg har sett standarden for berekraftige reiseopplevingar i det vestnorske fjordlandskapet. Sjølv om vi kunne tenkt oss å vere med vidare i utviklinga av The Fjords, har vi forståing for at Norway’s Best Group ynskte å nytte forkjøpsretten. Vi er sikre på at dei vil ta The Fjords vidare på ein god måte og ynskjer all lukke til med vegen framover, seier Vegard Sævik i Havila.