Hastestenger hurtigbåtkaia i Ålesund på grunn av skade
Som følgje av ein inspeksjon gjennomført av dykkarar blir hurtigbåtkaia ved Ålesund rutebilstasjon stengt frå måndag 17. juni fram til reparasjon er gjennomført.
– Inspeksjon gjort av dykkarar var eit ledd i eit anna vedlikehaldsarbeid. Under arbeidet vart det avdekt alvorleg skade på berande pel på kaia. Den eine søyla var knekt. Dette inneber at vi ser oss nøydd til å stenge hurtigbåtkaia fram til reparasjon er utført, seier Ingrid Anne Lervik, bru- og kaiforvaltar i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
Det blir no jobba med å sjå på alternativ for utbetring av kaia, og det er truleg snakk om ein stengjeperiode på om lag to veker.
Skateflukaia bli nytta i perioden det blir arbeidd på hurtigbåtkaia på rutebilstasjonen, og det blir endra rutetider.