Vêrradar på Aksla gir smartare drift og ein tryggare kommune

Ein ny vêrradar på Aksla gir Ålesund kommune lokale og nøyaktige vêrobservasjonar. Det er til nytte og glede for innbyggarane i tillegg til at den skal brukast til å utvikle nye tenester og styre kommunal innsats mest mogleg effektivt.

Publisert Sist oppdatert

Furuno Norge AS og Ålesund kommune har inngått eit samarbeid om ein ny vêrradar i Ålesund. Vêrradaren vart installert på Aksla i sommar og er no i full drift. Radaren har ei rekkevidde frå Hustad i nord til Stadt i sør, og registrerer kontinuerleg type nedbør, mengde nedbør og hastigheit.

Vêrradaren skal kome både kommunen, innbyggarar og næringslivet til gode.

Vêrradaren er eigd og blir drifta av Furuno Norge, mens Ålesund kommune bidreg med infrastrukturen som radaren er montert i. Formålet med samarbeidet er å:

  • gjere betre vêrdata tilgjengeleg for publikum
  • gje data til Meteorologisk institutt
  • nyttegjere vêrdata i kommunale tenester
  • legge til rette for bruk av vêrdata i Furuno Norge si produkt- og tenesteutvikling
  • bidra til forsking, utvikling og innovasjon i regi av akademia og forskingsinstitusjonar
Kenneth Eilertsen, produktansvarleg for vêrradar i Furuno Norge

Kenneth Eilertsen, produktansvarleg for vêrradar i Furuno Norge seier i ei pressemelding at god informasjon om vêret stadig blir viktigare for samfunnet, spesielt innan offentleg planlegging av infrastruktur, drift av offentlege tenester og beredskap.

- Ein lokal vêrradar som den vi bidrar med her kjem med nøyaktige, lokale nedbørsobservasjonar og utfyller Meteorologisk institutt sine system på ein god måte. Dette kan ha betydning inn mot planlegging og tiltak til både luft- og skipstrafikk. Moglegheitane er mange, det er no vi skal skape verdi.

Vêrradaren gir presise lokale vervarsel som kan brukast som grunnlag for konkrete tiltak. I andre delar av verda blir Furuno vêrradar allereie brukt til å mellom anna overvake risiko for skred og flaum og til å redusere risiko under vêrkritiske operasjonar.

- Vi ønsker å bidra til at norske aktørar også kan utnytte denne teknologien, seier Kenneth Eilertsen.

Nøyaktig og lokal vêrteneste er tilgjengeleg  

Meteorologisk institutt tek imot data frå vêrradaren og lagar den grafiske framstillinga av dei lokale vêrobservasjonane. Desse sanntidsobservasjonane skal ligge på heimesida til Ålesund kommune og på Furuno si nettside, til glede for alle som er opptatt av vêret lokalt.  Det vil også vere nyttig for folk både når det gjeld sikkerheit og planlegging av kvardagen.

Også Meteorologisk institutt er begeistra for moglegheitene samarbeidet gjev og ser nå på korleis data frå den nye radaren kan brukast i sine tenester.Målsetjinga vår er å kunne bruke slike lokale radarar for å auke datagrunnlag for vêrvarsling til allmenta.

- Vi dekkjer i dag heile Norge med eit nettverk av vêrradarar. Kvar radar "ser" ca 240 km ut frå der han står plassert. Grunna fjell og fjordar kan vi med lokale radarar auke kvaliteten i tenestene våre, og sikre enda betre dekning. Dei foreløpige resultata frå radaren i Ålesund er lovande, seier Vegar Kristiansen, avdelingsleiar i Meteorologisk institutt.

Utvikling av kommunale tenester

Helge Veum, verksemdsleiar for teknologi og innovasjon i Ålesund kommune

Kommunalsjef Malin Piegsa fortel kommunen no vil sjå vidare på korleis desse vêrdataene kan bli brukt til å forbetre og utvikle tenestene i kommunen, og først blir det knytt til vatn og avløp.

- Det er stort at Ålesund er første kommune i landet med denne tenesten. Målet er å bruke informasjonen om nedbørsmengder til smartare drift og reduserte kostnader. I tillegg er det også utruleg kjekt å kunne tilby innbyggarane ei ny teneste som vi trur vil vere både nyttig og interessant for mange.

Kommunen håper at ein lokal vêrradar og innsikta vi får vil bidra til nye forskings- og innovasjonsaktivitetar i regionen:

- Dette samarbeidet set oss betre i stand til å lage morgondagens løysingar. Informasjon om vêr og klima vert stadig viktigare, seier Helge Veum, verksemdsleiar for teknologi og innovasjon i Ålesund kommune.