Skipet på veg ut frå Fitjar etter Fitjarfestivalen i 2018.
Foto: Kjetil Rydland
Asgeir Andersen og MS «Nyborg» vann pris
Asgeir Andersen og den tidlegare trålaren MS «Nyborg» vart heidra med den gjeve prisen "Mest lovende restaureringsprosjekt", som blir delt ut av Forbundet Kysten.
Asgeir Andersen (39) frå Dåfjorden avkreftar myten om at det berre er pensjonistar som interesserer seg for veteranbåtar. No er han heidra med den gjeve prisen "Mest lovande restaureringsprosjekt", med arbeidet han utfører på den tidlegare trålaren M/S «Nyborg».
Fartøyet blei levert frå Cochrane & Sons Lt.d, Selby, UK i november 1924, då som trålaren «A. Rose» til Richard Sutton. No er den snart hundre år gamle båten på veg til å setjast i sertifiseringsdyktig stand, og bli dreve som eit levande museum for fraktefart og fiskeri, samt kulturformidlingsarena for beslekta emne.
– Det er sjølvsagt veldig kjekt at andre anerkjenner arbeidet og prosjektet me held på med. Det viser jo at me gjer noko rett, at folk likar retninga me tek på restaureringa. Så dette er veldig kjekt, fortel Andersen.