MF «Hålogaland» som i dag går på sambandet Refsnes-Flesnes.

Får ti år lang driftskontrakt i Sør-Troms

Torghatten Nord har fått ansvar for drift av tre ferjesamband i Sør-Troms. To av dei skal elektrifiserast, og ferjene vil få universell utforming.

Publisert Sist oppdatert

Sambanda Revsnes- Flesnes og Stornes- Bjørnerå er sambanda som skal driftast grønt. Her vil ein nytta direktelading, supplert med ladbare batteribankar på land.

Dette er naudsynt då det lokale straumnettet ikkje er dimensjonert for direkte lading frå nettet, kjem det fram i ei pressemelding.

– Passasjerane vil merka mindre lukt og støy frå dei to nye fartøya, og ferjene vil ha null utslepp. Offentleg transport, spesielt ferjedrift skal over på grøn teknologi. Då er det elektrisitet som passar best på desse sambanda. Me skal drifta på ein trygg og effektiv måte, der me etablerar batteribankar på land, slik at fartøya ladar direkte under anløp, medan passasjerane og køyretøy skiftast ut. Slik får ferjene jamn lading som ikkje råkkar ved det lokale straumnettet, fortel administrerande direktør i Torghatten Nord, Torkild Torkildsen.

Allereie denne månaden tok Torghatten Nord over dei tre sambanda i Harstad og Kvæfjord kommune på ein kortidskontrakt. 1. februar 2025 byrjar ein tiårskontrakt, med opsjon på tre år, står det i pressemeldinga.

– Me er svært nøgde med å vera tilbake for fullt i Sør-Troms, og gler oss til å få på plass dei aller første heilelektriske ferjene om 2 år. Det er fleire i vår organisasjon som har gode relasjonar i lokalsamfunnet her, ferjedrift i dette området er ein sentral del av reiarlaget sin historie, seier Torkildsen.

Reiarlaget er nøgd med kontraktslengda og førseielegheita for drifta desse rammene gjev.

– Eg vil rosa Troms Fylkeskommune og Troms fylkestrafikk som lyser ut ferjeanbod med ein kontraktslengde som gjer det mogleg å investera i nytt fartøy og ombygging. Slike kontraktslengder gjer det mykje lettare for oss i skipsfarten å investera i grøn teknologi, seier Torkildsen.