
Ein bauta for maritim næring og samfunnsliv har gått bort
Johannes Malvin Eide døydde 24. juni, 87 år gammal. Han var ein sentral aktør innan skipsbygging og maritim næring, og var med på å forma industrimiljøet i Kvinnherad gjennom fleire tiår.
Eide var opphavleg frå Høylandsbygd i Kvinnherad kommune i Sunnhordland. Allereie som 18-åring var han med å etablera Georg Eide’s Sønner AS, eit skipsverft lokalisert nettopp i Høylandsbygd. Saman med broren Gerhard bygde han opp verftet etter faren Georg Eide, som hadde drive med båtbygging i bygda.
Starta verft som 18-åring
Verftet vart i fleire tiår ein viktig aktør i den maritime industrien på Vestlandet, med oppdrag innan både skipsbygging, berging og ombygging av større fartøy. Verksemda la grunnlaget for det som seinare vart Eide Marine Services.
I nyare tid var Johannes M. Eide òg med på å utvikla havbruksteknologiselskapet Norwater, som produserer system for vassbehandling til oppdrettsnæringa. Selskapet leverer løysingar til både nasjonale og internasjonale kundar, og flytta nyleg heile verksemda til Høylandsbygd.
– Vi fekk den triste meldinga om Johannes sin bortgang i går og blei automatisk «noko tomme» resten av dagen. Ein bauta er borte og eit stort sakn for mange. Vi har hatt gleda av å ha Johannes i kontorbygget i Høylandsbygd dagleg inntil nyleg. Han var kreativ og visjonær inntil det siste, og delte gladeleg av si enorme erfaring, fortel administrerande direktør Per Einar Gjerding i Norwater, til lokalavisa Kvinnheringen.
Han legg til at dei er svært takksame for Johannes si rolle som eigar og styremedlem i Norwater og der dei er i dag som selskap.
– Det gler oss også stort at vi fekk bidra til at han fekk realisert draumen sin om eit maritimt museum i Høylandsbygd. Tankane elles går sjølvsagt til familien, skriv Gjerding til avisa.
Engasjert i kultur og historie
Ved sidan av industrisatsinga hadde Eide eit sterkt engasjement for å ta vare på skipsbyggingstradisjonar og kystkultur. Han stod bak fleire restaureringsprosjekt, og tok initiativet til å etablere Halsnøy Historiske Senter, eit maritimt museum som opna i 2023.
For sitt arbeid gjennom fleire tiår vart Johannes M. Eide i 2006 tildelt St. Olavs Orden, Riddar av 1. klasse. Han vart òg heidra under Hardanger trebåt- og handverksfestival i juni 2025.
Johannes M. Eide etterlet seg kona Aud, familie og eit omfattande livsverk innan både skipsbygging, havbruk og kulturvern.
Les minneord i lokalavisa Grenda her.