Svein Arild Vatsø er gründeren av Keelspot.
Foto: Keelspot
Svein Arild fekk ein god ide på draumejobben, så han bytte beite: - Ei slik moglegheit kjem berre ein gong i livet
Bremangaren ynskjer å laga ein digital marknadsplass for kystmarknaden.
Her skal skipsoperatørar ha moglegheit til å flagga plass for seglingsruta si. I tillegg kan befraktarar og vareeigarar leggja ut og publisera fraktoppdrag.
- Det vil gje eit større og rikare tilbod for båtar som kan frakta gods, fortel den engasjerte gründeren, Svein Arild Vatsø.
Han har eit brennande engasjement for sjøtransport. Noko av forklaringa kan vera dei 20 åra han sjølv har jobba på båt. I tillegg er den indre landkrabben i han ei kreativ sjel med enorm drivkraft.