Illustrasjonen viser hvordan skipstunnelen vil se ut innvendig.

Havbruksnæringa som ny hovudbrukar av Stad skipstunnel

Då ein først byrja å utrede ein skipstunnel gjennom Stad-halvøya, var målgruppa små fiskebåtar og små fraktefartøy. Sidan den gong har kysten endra seg dramatisk, skriv Gunnar Silden i dette innlegget.

Dei opphavlege brukarane er færre, men i staden har det vakse fram ei heilt ny og langt større maritim næring som er avhengig av trygg og føreseieleg seglas, der er Havbruksnæringa.

I løpet av dei siste 30 åra har havbruk blitt ei av dei viktigaste eksportnæringane i landet, og med det har det kome ein omfattande flåte av spesialiserte fartøy:

Fôrfraktfartøy som fraktar råstoff til fabrikkane og ferdig fiskefôr ut til nærmare 1000 oppdrettsanlegg langs kysten.

Brønnbåtar som fraktar smolt til anlegga og slaktefisk til slakteria – fartøy som opererer på stramme tidsvindauge og er svært vêravhengige.

Servicefartøy, ofte katamaranar med to skrog, som ikkje er bygde for å gå i tung sjø og derfor er særleg utsette på Stadthavet.

Ekspedisjons- og kystcruiseskip, som har strenge tryggleikskrav og opererer heile året. Militære fartøy og beredskapsressursar, som treng føreseieleg og trygg passasje i all slags vêr.

Dette er fartøy som knapt eksisterte – eller berre hadde marginal betydning – då tunnelen først vart utreda. I dag utgjer dei ein stor og samfunnskritisk del av norsk kysttrafikk.

Samtidig er det eit nasjonalt mål å byggje opp att kystfrakta for å avlaste eit stadig meir pressa vegnett. For å lukkast med dette må sjøtransporten vere konkurransedyktig på regularitet og driftstryggleik. 

Stad skipstunnel er eit av dei viktigaste tiltaka for å gjere dette mogleg.

Kort sagt: Premissa har endra seg, men behovet for trygg og stabil seglas er større enn nokon gong. Havbruksnæringa – ei av dei største eksportmotorane i landet – er i dag ein av dei viktigaste brukargruppene for Stad skipstunnel.

Innlegget vart først publisert på LinkedIn.