Trusslane aukar i takt med utviklinga av næringa
NORMA Cyber sin rapport for trusslar for cyber sikkerheit i maritme næring for 2023 er komen.
The Norwegian Maritime Cyber Resilience Center (NORMA) er eit samarbeid mellom Den Norske Krigsforsikring for Skib (DNK) og Norges Rederiforbund. Dei leverer cybersikkerheitstenester til norske reiarlag og andre verksemder innan norsk maritime næring.
Medlemsorganisasjonen starta i 2021, og har no 90 medlemmer, som er famnar over omlag 2000 fartøy og offshore einingar.
Dei peikar på at teknologien i det maritime landskapet utviklar seg raskt, og det er eit auka behov for live-data frå kritiske system, og meir komplekse verdikjeder. Desse faktorane aukar risikoen for at den maritime industrien vert sårbare for trusslar knytt til dette.