Leverandøren aukar resultatet kraftig i 2023

Det er dei godt nøgde med. 

Driftsinntektene enda på 1,4 milliardar i 2023 mot 1,1 milliardar i 2022. Resultatet før skatt enda på 157 millionar mot 90 millionar i 2022.  Konsernet har ein eigenkapital på 705 millionar. 

I 2023 hadde dei ein eksportandel på 76 prosent samanlikna med 74 prosent i 2022.

Konsernsjef for Brunvoll Group, Kåre Øyvind Vassdal, uttalar i ein pressemelding at han er nøgd med resultatet. 

– I andre halvår av 2022 la me fram ein offensiv vekststrategi fram mot 2026. Difor er det gledeleg å sjå at me i 2023 har starta vekstreisa med ein omsetnadsvekst på heile 26 prosent samanlikna med 2022. Veksten ser ut til å halda fram i åra framover, og dette gjev oss moglegheiter til å halda fram å investera betydeleg i våre fabrikkar og medarbeidarar for å vera konkurransedyktige også framover. 

– Me er tilfredse med dei finansielle resultata, også i 2023. Tala er ein konsekvens av den innsatsen som våre medarbeidarar legg ned kvar einaste dag for våre kundar og for kvarandre. Me er veldig godt nøgde med å greia å levera lønsam vekst i ei tid prega av høg inflasjon. Konsernet har dei siste åra satsa betydeleg på innovasjon, og ser no resultata i form av vekst og i ein nysal marknad der marknadsutsiktene er betre enn på svært lenge. Våre langsiktige eigarar har saman med medarbeidarar utvikla eit konsern med høg soliditet og som har musklar til å utnytta eit konsern med høg soliditet og som har musklar til å utnytta dei marknadsmoglegheitene som kjem i ein konjunkturdrive næring.

Konsernsjef for Brunvoll Group, Kåre Øyvind Vassdal.

I pressemeldinga skriv dei at marknaden for kontrahering av nye fartøy har vore svært bra i 2023, og inn i 2024. Dei ser for seg ein ytterlegare vekst i ordreinngang og omsetnaden i 2024, samanlikna med 2023.

Dei skriv vidare at marknadsposisjonen vert opplevd som sterk innanfor dei utvalde fartøysegmenta dei opererer innan. Dei peikar og på at det er stor interesse for Brunvoll sin systemløysingar innafor framdrift og manøvrering av avanserte fartøy.