Stein Andre Herigstad-Olsen fra Torghatten under dåpen.
Foto: Privat
«Estelle» er verdens første på mange punkt - no er ho sjøsett og døypt
MF «Estelle» hadde 8. juni verdspremiere.
- Dette er ein stor milepåle for eit 150 år gamalt nordnorsk reiarlag, både i Torghattens historie, men også den som gjelder kollektiv mobilitet generelt, seier Stein Andre Herigstad-Olsen, som er administrerande direktør i Torghatten AS.
Den autonome, elektriske ferja er no sjøsett i Riddarfjärden i Stockholm. Det norske selskapet Torghatten står bak satsninga som Zeabuz har levert teknologien til.
12. juni startar det nye tilbodet i den Stockholmske skjærgarden.