Hurtigbåtar ved Skateflukaia i Ålesund.

Milliardkontrakt til Boreal

Onsdag 19. november signerte FRAM ny kontrakt med Boreal Sjø AS om drift av hurtigbåtsambanda Langevågsruta og Hareidruta. Kontrakten gjeld frå 1. januar 2027 til 31. desember 2040, og har ein samla verdi på 1 milliard kroner.

Avtalen omfattar drift av to fartøy, med opsjon på eit fast reservefartøy. Boreal har også dagens kontrakt, og samarbeidet blir dermed vidareført, heiter det i ei pressemelding.

Langevågsruta går mellom Langevåg og Ålesund sentrum, medan Hareidruta går mellom Hareid og Ålesund sentrum, via Valderøy. Desse rutene er viktige samband i regionen for pendlarar til skule, arbeid og for flyreisande. Med den nye avtalen sikrar vi eit stabilt og godt tilbod i mange år framover.

Stig Helle-Tautra og Dan Nikø har signert hurtigbåtkontrakt 19. november.

– Vi er glade for å kunne føre vidare det gode samarbeidet med Boreal. Hurtigbåtrutene er ein viktig del av kollektivtilbodet på Sunnmøre, og vi skal sørge for at passasjerane får eit driftssikkert og brukarvennleg tilbod, seier Stig Helle-Tautra, avdelingsleiar i FRAM.

Stabilt tilbod og trygg drift

Boreal vil med stor sannsynlegheit bruke nokre av dei same fartøya frå dagens kontrakt. Erfaringsmessig har desse fartøya hatt høg regularitet og trygg drift.

Kornserndirektør i Boreal Sjø, Dan Nikø, er glad for å få fornya tillit frå FRAM.

– Dette samarbeidet betyr mykje, og vi har saman klart å levere eit tilbod folk kan stole på. At vi har hatt nær 100 prosent regularitet dei siste åra, er ikkje tilfeldig. Det kjem av den fantastiske innsatsen frå mannskapet om bord og alle som jobbar på land. Med den nye avtalen kan vi halde fram med å gi eit stabilt og godt tilbod til alle som reiser med oss, og det ser vi verkeleg fram til, seier han