«Boa Jarl»
Foto: Boa Offshore/Arkiv
Boa Offshore auka resultatet betrakteleg
Aukande oljeprisar og etterspurnad i offshore vind er årsaka.
Boa Offshore, som er morselskapet til Boa Offshore Group, sine årsresultat for 2022 er komne. Dei hadde i 2022 ei omstening på 1,1 milliardar kroner mot 844 millionar i 2021. Driftsresultatet var 651,2 millionar norske kroner, mot 76 millionar kroner i 2021.
I årsmeldinga skriv dei at selskapa i konsernet er utsett for valutaendringar, då selskapet sin inntening og langsiktig finansiering er i utanlands valuta. Men risikoen er begrensa då operasjonskostnadane er i same valuta.
Selskapet ser vidare mot nye konraktar og avtalar for å minska risikoen. 31. desember 2022 hadde dei reneteberande gjeld på 1,57 milliardar kroner der 278 millionar av dei med “non-cash PIK intrest” , som tyder at ein kan betala i varer og tenester istaden for peng, medan 392 millionar kroner er med fast rente.