Skipper Trygve Stener Hepsø har mykje å passe på.

Silda har kome heim

Sirkelen er slutta. Silda har kome heim til fødestaden, og sildefisket nærmar seg klimaks. I sjøen utanfor Sunnmøre sym ein av verdas største fiskestimar. Etter vandringa i havet har ho nådd fram til gytefelta.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

På feltet ved Svinøya er det 20-30 snurparar i aktivitet. Nokre med nota ute, andre arbeider med å berge fangsten. Resten sirklar rundt for å finne ein høveleg flekk å kaste på. Sola kjem og fer. Snøbygene kjem og fer. Måsane gassar seg. På dei ytste utpostane er det skiføre heilt ned i fjøresteinane.
Ikkje sidan toppåra på 50-talet har bestanden av norsk vårgytande sild vore så stor. Kanskje har den aldri vore så stor nokon gong. Problemet for fiskarane er ikkje å finne fisken. Her er fisk over alt. Problemet er at den som set dei store nøtene uti sjøen risikerer å få så mykje fisk at nota rivnar.
Fisk i nota
Om bord på den sørtrønderske kysnotsnurparen "Hepsøhav" er det ingen som har tid til å nyte dei flotte omgjevnadene. Dei kom på feltet i ni-tida, og kasta med ein gong. Det var full klaff. Nota er tørka og pumpa sett ut. Snart er det ikkje plass til meir i tankane. Skipper Trygve Stener Hepsø gir nordmøringen "Liaholm" eit tilbod han ikkje kan seie nei til: Fri pumpetilgang til deira not, som framleis er full av prima storsild med snittvekt 290 gram.
" Liaholm" legg seg på sida. Bølgjehøgda på to-tre meter er det ingen som bryr seg om, bortsett frå Sunnmørsposten sine utsendte som prøver å halde seg fast på dekk. Ingen ser heller ut til å bry seg om at dei to snurparane med jamne mellomrom driv skummelt nært kvarandre. Karane på dekk stolar på skipper Hepsø, og skipper Hepsø stolar på sidepropellane. Snart er det fulle tankar hos "Liaholm" også.
Så er det "Bøen" av Egersund som skal få sleppe til i godteposen som ligg på skutesida til "Hepsøhav." Pumpeslangen vert manøvrert ned i nota, men det kjem ikkje ei einaste sild over til "Bøen". Skipper Hepsø ser årsaka med ein gong: Det er snurr på slangen. Men skipperen på "Bøen" ser det ikkje. Skipper Hepsø bannar, viftar med telefonen ut av vindauget og fløyter. Han er irritert over at "Bøen" ikkje har skrudd på VHF-en.
– Ja, ja det er dei som får klemt sild, kjem det frå Hepsø.
Så oppdagar karane på "Bøen" slangesnurren, og etter ein hektisk operasjon går straumen av sild slik han skal: Frå nota på skutesida til "Hepsøhav", gjennom ein 30-40 meter lang slange, og ned i kassene på dekket til "Bøen".
I sildefiske er det anten på eller av. Anten venting eller full action. No har det vore full action i eit par timar. Skipper Hepsø har vore stressa. Det er mykje som kan gå gale. I tillegg har han to inspektørar frå Kystvakta i styrehuset. Men det gjekk bra denne gongen også. All silda vart berga, og skipperen får klapp på skuldra av Kystvakta.
– Vi har vore urolege for at nøter blir sprengde, men det ser ut til at det har vore kontrollerte kast. Så alt har sett normalt ut, seier skipssjef Roger Hoel på KV "Tor", etter å ha følgt sildefisket denne veka.
Det er ikkje berre silda som har kome til fødestaden sin. Det har "Hepsøhav" også. Snurparen vart levert frå Larsnes Mek. Verkstad for eitt år sidan. Skipper Hepsøe er så nøgd med arbeidet og servicen til verftet at han set kursen mot Larsnes, slik at han personleg kan overrekkje verftsdirektør Gunnarstein ei bøtte eller to med fersk storsild.
– Eg kunne ikkje ha hatt eit likare verft, reklamerer Hepsøe.
Roa seinkar seg i styrehuset. Eigentleg har det vore ein heilt vanleg dag på sildefeltet.
Gunnarstein på Larsnes brukar alltid å seie " Det går på stive hjul". Skriv det: "Sildefisket går på stive hjul", seier skipper Trygve Stener Hepsøe og gliser breidt.