Selskapet skriv at resultatbidraget har vore positivt frå alle segmenta: ferje, passasjerbåt, catering og turist. De forventar også vekst i omsetninga til neste år når nye kontraktar startar opp 1. januar 2020.Illustasjonsfoto av MF «Romsdalsfjord» og MF «Fannefjord». Foto: Fjord1.

Fjord1 med sterkt kvartalsresultat

I eit kvartal med høg aktivitet leverer Fjord1 nok eit sterkt kvartalsresultat. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Netto overskot etter skatt vart på 115 millionar kroner i tredje kvartal. Omsetnaden vart på 705 millionar kroner, og EBITDA på 278 millionar kroner.

Selskapet skriv i en pressemelding at resultatbidraget har vore positivt frå alle segmenta: ferje, passasjerbåt, catering og turist. De forventar også vekst i omsetninga til neste år når nye kontraktar startar opp 1. januar 2020.

- 2019 er eit overgangsår med endringar i kontraktsporteføljen og store investeringar i null- og lavutsleppsfartøy og utbygging av ladeinfrastruktur. Dette forsterkar vår posisjon som den mest miljøvenlege leverandøren av ferjetransport i Noreg, fortel administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland. 

Grønn satsing

Fjord1 har i dag 17 hybridelektriske fartøy i ferjeflåten og innan andre halvår 2020 vil selskapet ha ytterlegare 13 hybridelektriske fartøy i operasjon.

- 1. januar startar Fjord1 drift av ni nye samband i Hordaland, alle med ny miljøvennleg teknologi. Ein stor del av ferjeflåten i Fjord1 vil vere nullutslepp og bidra til positiv effekt på miljøavtrykket gjennom betydeleg redusert Co2-utslepp. 

I løpet av andre halvår 2020 vil selskapet operere 30 elektriske ferjer og 19 samband vil vere elektrifisert.

- Sambandet Anda-Lote har vore drifta elektrisk i 1,5 år, og erfaringar etter å ha passert 50 000 ladningar viser at teknologien fungerer som venta. Også innan reiselivsområdet er det gode erfaringar med heilelektrisk drift, skriv de avslutningsvis.