Skipsdåp av «Nexans Aurora»

Kabelleggingsskipet «Nexans Aurora» vart døypt ved Ulstein Verft 8. juni 2021. Gudmor var Anne-Lise Aukner, tidlegare Direktør i Nexans Norway.

Publisert Sist oppdatert

Trass i Covid-19-pandemien har prosjektframdrifta vore jamn, og skipet vart levert på tid 31. mai 2021, tre år etter at skipsbyggingskontrakten vart signert, heiter i ei pressemelding.

Det 149,9 meter lange og 31 meter breie fartøyet har ein kabelkapasitet på 10 000 tonn og er utrusta med topp moderne utstyr for kabel transport, installasjon og sikring. Kabelskipet skal blant anna leggje eksportkablar for havvindparkar og mellomlandsforbindingar over heile verda. 

Komplett maritim klynge

- Vi takkar Nexans for oppdraget. Den vellykka gjennomføring av prosjektet stadfestar Ulstein sin posisjon som ein av dei fremste aktørane i verda for bygging av denne type spesialskip. Det å vere ein del av ei komplett maritim klynge med sterk kopling mellom aktørane, har vore særs viktig for at vi har lykkast i dette prosjektet, fortel konsernsjef i Ulstein Group, Cathrine Kristiseter Marti.

- Leveringa av kabelleggingsskipet «Nexans Aurora» er eit viktig steg i vårt mål om å «Elektrifisere framtida» der vi vil skape eit tryggare, bærekraftig, fornybart og inkluderande globalt energisystem, seier Ragnhild Katteland, Executive Vice President, Subsea & Land Systems Business Group i Nexans,