Teknisk direktør i Sjøfartsdirektoratet Lasse Karlsen meiner at det er viktig at kunnskapen om bruk av batteri i skip bli utnytta og videreutvikla. Her med Nils Aadland, NCE Maritime CleanTech. (Foto: Sjøfartsdirektoratet)

Regelverksutforming på sitt aller beste

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Noreg er leiande i utviklinga og bruken av batteri i skip.

Torsdag 28. april var representantar frå leverandør- og tenesteytarbedrifter, reiarlag, verft, klasseselskap, akademia og offentlege styresmakter samla hos  Sjøfartsdirektoratet for å diskutere batteriutviklinga i maritim sektor. Målet med samlinga var å tydeleggjera  utfordringane dei ulike aktørane har i møte med teknologiutviklinga.

Nils Aadland frå NCE Maritime CleanTech presenterte den rivande utviklinga i batteriteknologien og understreka kor mykje det har å seia at ein får samla fagpersonar til ein aktiv debatt.

– Her er verdseliten innanfor maritime batteriløysingar samla i eitt og same rom. For norsk maritim industri er det utruleg viktig at me er i forkant på dette området. Dette er staden å vera i dag, sa han.

Reglar blir oppdatert

Direktoratet arbeider kontinuerleg med utforming av nye reglar.

– Gjeldande regelverk er ikkje utarbeida med tanke på batterisystem som energidrivar på skip. Deltakarane bidrog til ein god diskusjon om utfordringane med tryggleiken ved bruk av denne teknologien.

–Dette er regelverksutforming på sitt aller beste, slo Sjøfartsdirektoratets Jarle Jacobsen fast. Her gjeld det å vera oppdatert. Utviklinga går fort, og reglar kan fort vera utdaterte allereie kjapt etter innføring.

Kilde: Sjøfartsdirektoratet