F.v: Håkon Haugli (leder Innovasjon Norge), Jannicke Andreassen (statsekretær i nærings og fiskeridepartementet), Stein Kvalsund (daglig leder i Ocean Hyway Cluster), Kristin Svardal (Innovation Manager i Ocean Hyway Cluster), Ulf Eriksen (VP Hydrogen i Statkraft) og Bjørn Arild Gram (kommunal og distriktsminister) Foto: Tom Hansen/Innovasjon Norge

Ocean Hyway Cluster har fått Arena Pro status

I september søkte Ocean Hyway Cluster og 13 andre klynger om Arena Pro status. Denne uka vart det offentleggjort at Ocean Hyway Cluster er ein av fire klynger som får  Arena Pro status frå 1.1.2022 til 2027.

Publisert Sist oppdatert

Leiar i styringsgruppa; Siv Remøy-Vangen, gler seg over nyhende: 

- Forfremjinga frå Arena til Arena Pro er eit sterkt signal om at Noreg både investerer og trur på hydrogen som ei ny energikjelde for dekarbonisering av den maritime sektoren. Det er og ein viktig anerkjenning  av arbeidet som organisasjonen og klyngemedlemmer har gjort så langt. Med Arena Pro status kan vi fortsette med å utvikle industrien, og skape nye moglegheiter, verdi og eksportmoglegheiter for Noreg og vår blåe næring. 

Dei nasjonale klyngene står og sentralt i den politiske leiinga sitt vidare arbeid med innovasjon og næringsutvikling:  

- Dette er en viktig del av regjeringens næringspolitikk for å skape lønnsomme og attraktive jobber i hele landet. Klyngene har stor betydning for bedriftene som deltar og for lokalsamfunnene. Når bedrifter samarbeider på denne måten kan de lettere drive felles forskning og utvikling, og dele kunnskap og kompetanse. Klyngene er gode verktøy for å styrke omstillingsevnen i norsk næringsliv, seier næringsminister Jan Christian Vestre (AP).

- Dette er klynger i framtidsrettede næringer som fornybar energi og havbruk, som vil bidra til vekst, utvikling og nye arbeidsplasser i hele landet, seier kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (SP).

Den nasjonale klynga Ocean Hyway Cluster med 95 medlemmer og samarbeidspartnarar har base i Florø og er forankra i medlemsorganisasjonen Hub for Ocean sitt utviklingsarbeid. Dei siste tre åra er det etablert eit eige nettverk av sentrale aktørar som involverer hele verdikjeda for hydrogenbaserte løysingar i maritim næring.

Målsettinga for det vidare arbeidet i klynga er at Noreg skal verte ein leiande aktør innan maritim hydrogen og dette skal danne grunnlaget for eit nytt industrielt løft i maritim næring. Det er gjennomført mange forprosjekt og utviklingsprosjekt som no skal realiserast dei neste 5 åra. Utviklingsprosjekta skal føre til realisering av konkrete fartøykonsept med hydrogenbaserte framdriftssystem med tilhøyrande infrastrukturløysingar. I tillegg skal det utviklast og byggast ny kompetanse i samarbeid med utdanningsmiljø og FoU institusjonar. Denne satsinga skal danne grunnlag for ei framtidig berekraftig og innovativ maritim næring med internasjonale marknadsmoglegheiter.