Kay Ove Hafsaas er tilsett som ny rådgivar i Fiskebåt. Foto: Odd Kristian Dahle

Ny rådgivar i Fiskebåt

Fiskebåt har tilsett to nye medarbeidar i administrasjonen i Ålesund. I dag starta Kay Ove Hafsås i jobben som rådgivar i Fiskebåt.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kay Ove Hafsaas er utdanna siviløkonom, og har bakgrunn frå bank- og finansnæring. I Fiskebåt skal han blant anna jobbe med rammevilkåra for fiskeflåten, strukturpolitikk og pelagisk sektor. 

I starten av mai byrjar også Hanna Bauge i Fiskebåt. Bauge er utdanna jurist, og har bakgrunn frå Fiskeridirektoratet og som advokatfullmektig hos advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS i Ålesund.

- Eg er glad for at vi har fått på plass to topp motiverte medarbeidarar i Fiskebåt. Begge har nyttig erfaring og kunnskap å tilføre Fiskebåt, seier Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt i en pressemelding. 

Det var rundt 30 søkarar til dei to stillingane.

Fiskebåt er ein interesse- og arbeidsgivarorganisasjon for den havgåande fiskeflåten. Medlemsmassen står for over 70 prosent av verdien av det som blir fiska av norske fiskebåtar.