Gå til innhold
Annonse
Slik skal lekteren Boabarge 33 sjå ut når den er ferdig. Levering er planlagt i februar 2020. Illustrasjon: Boa Barges AS
Slik skal lekteren Boabarge 33 sjå ut når den er ferdig. Levering er planlagt i februar 2020. Illustrasjon: Boa Barges AS

Nye Kleven Verft har inngått avtale med reiarlaget Boa Barges AS i Trondheim om ei større ombygging av ein eksisterande lekter.

Annonse

- Vi er veldig takknemlege for tilliten Boa Barges AS viser med å plassere dette viktige oppdraget hos oss, seier salssjef Thore Veddegjerde frå Nye Kleven Verft i ein pressemelding torsdag.

Kontrakten er vunne i sterk konkurranse med fleire europeiske verft.

- Etter ein totalvurdering av kvalitet, pris og gjennomføringsevne valte BOA å plassere oppdraget ved Nye Kleven Verft, seier Jostein Innerdal, prosjektleiar i Boa Barges.

Gjev arbeid til 100 arbeidarar

Lekteren «Boabarge 33» kjem til Kleven 31. oktober 2019, og arbeidet med ombygginga vil starte straks den er på plass. Oppdraget vil gje arbeid til om lag hundre arbeidarar på verftet frå november 2019 og fram til lekteren skal bli levert i februar 2020.

Salssjef Thore Veddegjerde frå Kleven Verft AS og prosjektleiar Jostein Innerdal frå Boa Barges AS ser fram samarbeidet no når «Boabarge 33» skal byggast om. Foto: Kleven Verft
Salssjef Thore Veddegjerde frå Kleven Verft AS og prosjektleiar Jostein Innerdal frå Boa Barges AS ser fram samarbeidet no når «Boabarge 33» skal byggast om. Foto: Kleven Verft

Frå 36 til 60 meter brei

Arbeidet vil omfatte ein auke av breidda av lekteren frå 36 m til 60 m. Det vil bli montert åtte nye oppdriftstårn, og to eksisterande dekkshus skal hevast med ti meter. I tillegg skal det bli montert eit sjøsettingsarrangement for betongelement på dekk. Når ombygginga er gjennomført, skal lekteren på oppdrag utanfor kysten av Dakar i Vest-Afrika. Der skal «Boabarge 33» brukast til å plassere ut store betongelement, som skal danne ein bølgebrytar som er under oppføring.  

Kleven Verft i Ulsteinvik byggjer store, avanserte fartøy innan fleire segment. Verftet har effektive fasilitetar for tidleg utrustning og montering på bedding, og er det verftet i Noreg som har størst grad av eigen robotisert stålproduksjon og modulbasert skipsbygging. Kleven Verft er ISO-sertifisert innan miljø og kvalitet.

Annonse