Verdas største brønnbåt «Ronja Storm» skal til Tasmania, der rikelege mengder med ferskvatn er heilt avgjerande i kampen mot gjellesjukdomen AGD. Pressefoto

Norwater fiksar ferskvatn på «Ronja Storm»

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Alt dei har levert tidlegare bleiknar samanlikna med det osmose-anlegget Norwater skal levere til verdas største brønnbåt, «Ronja Storm». Kontrakten sikrar dei arbeid i om lag eitt år.

Av Vidar Alfarnes

– Veldig gledeleg. No har vi brått ein horisont som vi aldri tidlegare har hatt. Du kan tru jubelen stod i taket, då kontrakten med Havyard Ship Technology AS vart signert sist onsdag. Det er dei som byggjer rekord-brønnbåten for Sølvtrans, fortel direktøren for verksemda i Høylandsbygd, Per Einar Gjerding.

– Den største kontrakten for Norwater nokon gong, smiler direktør Per Einar Gjerding. No har selskapet på Halsnøy sikra seg arbeid i meir enn eitt år framover. Foto: Norwater

Til Tasmania

Og det er ikkje småtteri som skal leverast innan fjerde kvartal til neste år.

– Vi snakkar om eit anlegg som skal produsere 16.800 kubikkmeter i døgeret. Båten skal til Tasmania. Der slit dei med gjellesjukdomen AGD, så all fisk vert bada i ferskvatn for å unngå smitte, fortel Gjerding. Nyleg leverte Norwater også eit osmose-anlegg til eit oppdrettsselskap på Tasmania.

Tok grep

Norwater har teke ein del grep, etter at Gjerding kom til verksemda i september 2013. Også den gongen var produkta gode, men økonomien alt anna enn konkurransedyktig. No ser det mykje betre ut.

– 2014 og 2015 gjekk i balanse, og i fjor enda vi opp med ein solid opptur, der vi auka omsetnaden med kring femti prosent, og hadde mest sju millionar i overskot. Så langt i 2017 ligg vi i rute til eit overskot på kring fem millionar kroner. Snuoperasjonen vår er fullbyrda, og framtida ser ljos ut, smiler sjefen. To nye medarbeidarar er også tilsett, og arbeidsstokken tel no 15 personar. 13 i Kvinnherad og 2 i Kina.

For eitt år sidan avslutta selskapet sin eigen produksjon av ferskvass-anlegg, og gjorde i staden BKS på Opsanger til hoffleverandør. No får også dei mykje arbeid det neste året.

– Dette er kjekt for fleire enn oss, slår Gjerding fast.