SK-3101R

Norsk design til russiske fiskebåter

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det er Skipskompetanse AS i Måløy som har fått kontrakt på design, arbeidsteikningar og teknisk bistand for bygging av fleire SK- 3101R fiskefartøy i Russland.

Selskapet har spesialkompetanse innan design og teknisk utforming av fiskefartøy. har Nyleg vart det valt for levering av design, teikningar og teknisk bistand, i høve bygging av fleire nye fiskefartøy basert på Skipskompetanse sitt eigeutvikla SK- 3101R design. SK-3101R er eit utprøvd fiskefartøy design som er brukt til trål, snurrevad og ringnot havfiske.

Fartøya skal eigast av eit av dei største fiskeriselskapa i Petropavlovsk – Kamsjakta regionen i Russland, V.I. Lenin Collective Fishing Farm. Denne regionen står for ein stor andel av fiskefangsten landa i russiske farvatn.

Bygginga av fartøya skal utførast av russisk verft, og redar er samd med Yantar JSC i Kaliningrad om bygging og utrusting av desse moderne og effektive SK-3101R fartøya. Redar, verft og Skipskompetanse er og einige om ein opsjon på bygging av fleire fiskefartøy etter leveransen av dei faste avtalene.

Fartøya i denne fyrste designserien blir 50 meter i lengde og 12 meter i breidde. Fartøya blir bygde etter russisk isklasse-krav og vil ha RSW tankar på 800 m3. Fartøya blir klargjorde for eit mannskap på 15.

Skipskompetanse vil og bidra med utveljing og leveranse av tekniske løysingar til bruk om bord i desse fartøya og det er forventa at fleire norske leverandørar vil bli forspurde om leveransar. Levering av fyrste ferdige fartøy er satt til 1. kvartal 2018.