Gå til innhold
Annonse
Administrerande direktør i Multi Maritime AS, Mikael Johansen er svært fornøgd med avtalen. Foto: Privat.
Administrerande direktør i Multi Maritime AS, Mikael Johansen er svært fornøgd med avtalen. Foto: Privat.

Multi Maritime AS i Førde har gjennomført eit strategisk oppkjøp av alle aksjane i skipsdesignfirmaet Polarny Maritime D&E i Florø.

Annonse

Selskapet er det leiande skipsdesignfirmaet for bil og passasjerferjer i Norge, og har lenge sett behovet for å auke kapasiteten sin, satse meir internasjonalt samt å utvide kompetansen innan andre skipstypar.

Vil få større skipsingeniørmiljø

Administrerande direktør i Multi Maritime AS, Mikael Johansen og styreleiar i Polarny Maritime D&E AS, Gustav Johan Nydal er svært fornøgd med avtalen.

- Dette vil være et løft for begge selskap og samen får vi et enda sterkare kompetansemiljø med større bredde og kapasitet, sier de i en pressemelding.

Styreleiar i Polarny Maritime D&E AS, Gustav Johan Nydal seier at dei har lenge sett at dei blir for små både for kunne ta på seg store prosjekt og til å kunne satse meir internasjonalt.

- Samtidig har vi alltid hatt eit ynskje om å få til eit større skipsingeniørmiljø i Sunnfjord og det får vi til ved å bli ein del av Multi Maritime AS seier Nydal.

Multi Maritime AS vil etter oppkjøpet framleis ha hovudkontoret sitt i Førde og avdelingskontor i Bergen og Florø.  Alle tilsette i Polarny Maritime D&E AS blir med inn i Multi Maritime AS.

Levert design på 100 nybygg

Multi Maritime AS ble etablert i Førde i 1983 og har sidan 2010 vore heileigd av Fiskerstrand Holding AS. Selskapet innehar kompetanse og erfaring til alle steg i byggeprosessen frå konseptutvikling til detaljteikningar. De har i dag 30 faste tilsette og med samarbeidspartnarar en total kapasitet på ca. 50.

- I løpet av sin 36 år lange historie har vi levert design til over 100 nybygg og har for tiden 11 under bygging hos forskjellige verft. Vi har også hatt særleg fokus på utvikling av ferjer, og har i samarbeid med fleire ferjereiarar stått i spissen for utvikling av elektriske og hybridiserte fartøy, skriver de i en pressemelding.

De har hittil utvikla og levert design på 25 slike fartøy i tillegg til mange ombyggingar av fartøy til hybrid og elektrisk framdrift.

Polarny Maritime D&E AS

Polarny Maritime D&E AS har i dag 11 tilsette og med samarbeidspartnarar ein total kapasitet på ca 20. De har lang erfaring med utvikling av spesialtankskip, og har dei seinare åra også satsa på utvikling av bil og passasjerferjer og opparbeidd god kompetanse på dette området. I tillegg har selskapet kompetanse innan oppdrettsnæring og landbasert prosessindustri. 

Annonse