"Fanafjord"

Miljøsuksess med gassferjer

Fjord1 si satsing på gassferjer er eit døme på at miljøtiltak, forretningssuksess og kundenytte går hand i hand.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Bruk av LNG-gass i ferjedrifta gjev ei formidabel innsparing både på utslepp av SO2, NOX og C02. SO2-utsleppet vert redusert med 100 %, NOX-utsleppet vert redusert med nærare 90 %, men ein får òg redusert CO2-utsleppet med heile 25 %.
Auka kapasitet
Fjord1 er i dag einerådande i Noreg på bruk av gass som ferjedrivstoff, og trafikkerer sambanda Halhjem–Sandvikvåg og Arsvågen–Mortavika på E39 mellom Stavanger og Bergen med gassdrivne ferjer. I tillegg har Fjord1 vunne anboda på Flakk–Rørvik i Sør-Trøndelag og Molde–Vestnes i Romsdal, der det òg skal setjast inn ferjer som vert drivne av LNG-gass (flytande naturgass). Alle desse ferjesambanda er nokre av dei største i Noreg, så gassdrifta gjev ein svært positiv miljøgevinst.
– Fjord1 er Noregs største ferjereiarlag og er leiande og einerådande på bruk av miljøvennleg LNG-gass i ferjedrifta. Statens vegvesen legg stadig større vekt på dette drivstoffet basert på dei gode pionererfaringane som Fjord1 har gjort seg mellom Stavanger og Bergen. I framtida vil truleg Statens vegvesen krevje gassdrift på dei største sambanda i anbodsprosessen, seier adm.dir. i Fjord1 Fylkesbaatane, Stig Kristoffersen.
Erfaringa frå sambanda mellom Stavanger og Bergen syner at ein får auka kapasitet og hurtigare overfart i tillegg til miljøgevinst med dei nye superferjene.
– Det har mellom anna ført til at det no berre er 1 av 100 som må stå att på kaia når båten dreg, medan det tidlegare var 11 av 100, fortel Stig Kristoffersen.

Rask overfart
Den enklaste vegen til eit meir miljøvennleg samfunn er om det løner seg for kundar og selskap å ta i bruk miljøvennleg teknologi. Gassferjeprosjektet til Fjord1 er eit døme på at miljøomsyn slår positivt ut for både kundane og selskapet langt ut over sjølve miljøgevinsten.
– Ikkje berre er ferjene reinare, dei er òg større og raskare enn dieselferjene som gjekk på desse sambanda tidlegare. No fraktar vi mange fleire menneske over fjorden på ein raskare måte, og det set kundane heilt klart pris på, seier Stig Kristoffersen.
Ferjene er no like store som båtane til Hurtigruten og held ein fart på over 21 knop. Det gjer at tida over til dømes Bjørnafjorden no er redusert frå 55 minutt til 37 minutt. Faktisk sette ferja Bergensfjord verdsrekord på fart i 2007 med 23 knop!
– Vi ser fram til å få sett nye gassferjer i drift i Sør-Trøndelag og i Romsdal dei næraste åra. Vonleg er dette med på å dra heile næringa i rett retning. Det er ikkje tvil om at den norske flåten har ei stor miljøutfordring, og vi skal vere med å dra lasset i ei meir miljøvennleg retning i framtida, seier Stig Kristoffersen i Fjord1 Fylkesbaatane.