Med assistanse frå regiondirektør John Erik Hagen frå Kystverket Vest (t.v.), hamnedirektør i Måløy Håkon Olsen og Vågsøy-ordførar Roger Silden, fekk kystdirektør Kirsti L. Slotsvik æra av å skjere av det raude bandet og erklære den utbetra farleia gjenno

Kystdirektøren opna flaskehals i Måløy

Kystdirektøren opna tirsdag den utbetra farleia gjennom Måløysundet i Sogn og Fjordane, som har vore ein flaskehals for skipstrafikken. Utbetringsprosjektet, som har kosta om lag 43 millionar kroner, omfattar ei utdjuping av begge løpa under Måløybrua, utdjuping av Trollebøflua, samt ny merking av farleia.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Frå dekket på "Øyglimt" i det austre løpet under Måløybrua, og med assistanse frå regiondirektør John Erik Hagen frå Kystverket Vest, hamnedirektør i Måløy Håkon Olsen og Vågsøy-ordførar Roger Silden, fekk kystdirektør Kirsti L. Slotsvik æra av å skjere av det raude bandet og erklære den utbetra farleia for opna.

Ho meiner utbetringane er vel verdt dei 43 millionane som er lagt ned i prosjektet.
– I forhold til alt det godset som vert frakta på sjø, så vil eg seie dette er billeg. Vi har fått mykje for pengane og standarden på denne farleia er blitt mykje betre, seier kystdirektøren.

Omfattande prosjekt
Etter snorkuttinga under brua sette "Øyglimt" kursen mot øyidyllen Silda like nord for Måløy, der prosjektleiarane Rita Svendsbøe og Edgar Ådnanes orienterte om prosjektet.

Austre løp av Måløysundet er no utdjupa til 12 meter i 75 meters breidde, medan det vestre løpet er 10 meter djupt. Trollebøflua litt lenger nord i sundet, som mange har gått på, er samstundes sprengt ned til 12 meters djupne.

Utdjupinga av begge løpa under Måløybrua inneber at trafikken no blir separert. Tidlegare har farty over ein viss storleik berre kunna nytta det vestre løpet, noko som har gjort at møtande trafikk har måtta venta. No er det lagt til rette for at trafikken under brua blir separert. Sørgåande farty nyttar vestre løp, medan nordgåande farty nyttar austre løp. Etter ønskje frå brukarane er det imidlertid ikkje påbod om slik deling.

Gratulasjonar og glede
– Eg vil gratulere Kystverket med eit godt utført prosjekt. Risikobiletet i Måløy har med dette endra seg betrakteleg, fastslår hamnedirektør Håkon Olsen.

– Dette er gledeleg. Vi som bur i Måløy, og som ser ned på hamna her, har sett kor ofte båtar har stoppa og venta på møtande trafikk under brua. No som begge løpa kan nyttast er det berre å køyre på, seier ordførar Roger Silden, som fremhevar den gode dialogen med Kystverket. Han rettar også ei stor takk til tidlegare hamnesjef i Måløy, Kristoffer Stokke, som har vore ein pådrivar for å få gjennomført prosjektet.

Massene frå utdjupingsarbeidet kjem også kommunen til gode. Over 130 000 kubikk har blitt nytta til sjøfyllingar i Måløy, med dei moglegheitene dette skapar for kommunen.