«Island Valiant» har deltatt på eit fem-vekers oppdrag i Norskehavet. Foto: Glyn Lewis

«Island Valiant» tilbake frå vellukka mineraltokt i Norskehavet

«Island Valiant» er tilbake etter eit fem-vekers oppdrag i Norskehavet der skipet har bora etter kjerneprøver ved Mohnsryggen på vegne av Oljedirektoratet (OD) og operatør TIOS. Og prosjektet smakar av nybrottsarbeid - det er fyrste gong det er bora på over 3000m havdjup med kveilerør.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Det er i det heile utført lite boring på slike havdjup, og det har til no vore store boreriggar som har kunna utføre slike operasjonar. At vi skulle få dette til frå eit vesentleg mindre fartøy må seiast å vere unikt, seier Per Buset, prosjektleiar i TIOS i ei pressemelding.

- Det er sett fleire verdensrekordar, og eg kan ikkje få sagt nok gode ord om alle partar som har vore involverte i dette banebrytande prosjektet, seier Buset.

Pionertokt

Mohnsrygg er ein vulkansk midthavsrygg som skil to jordskorpeplater, og skil djuphavsbassenget i Norskehavet frå Grønlandshavet i nord. 

Bildet viser utstyret som vert brukt til kjerneboring. Foto: Oljedirektoratet

Tidlegare kartleggingar har påvist at det er mykje mineralar på havbotnen i området, men desse funna er gjort ved å plukke opp steinprøver frå havbotnen. Formålet med dette toktet har vore å bore seg ned i mineralforekomstane og ta opp kjerneprøver nede i formasjonen. Det er sulfidar dei ser etter, og i tillegg til boringa, har mykje av undersøkinga vore gjort med ROV (fjernstyrt undervassfarkost), som filma havbotnen slik at geologane om bord på skipet kunne orientere seg og sjå seg ut lokasjonar som det ville vere interessant å ta kjerner ifrå. ROV’en er også utstyrt med armar, og plukka med seg stein og sediment frå havbotnen som geologane kunne grovanalysere om bord. No skal verdifull informasjon analyserast vidare på land; både prøvene frå havbotnen og kjerneprøvene som viser kva som finnast djupare nedover.

- Dette er eit pionertokt på nesten alle måtar, seier leitedirektør Torgeir Stordal i OD. Det er fyrste gong det er nytta kveilerørsteknologi på så store havdjup, og det er fyrste gong slik boreteknologi vert nytta innan utforsking av havbotnsmineralar.

- Siden dette var upløga mark, var vi ikkje sikre på om dette ville fungere. Men vi har nytta kompetanse som norsk industri har opparbeida seg etter 50-års erfaring frå petroleumsbransjen, og dette prosjektet viser kva denne industrien er i stand til. Norsk teknologi og kompetanse baner med dette veg, og viser at dei er leiande innan utforsking av havbotnsmineralar.

Kjerneprøver er henta opp på dekk. Foto: Oljedirektoratet

50 personar på toktet

Den banebrytande teknologien har til no vore nytta ved to tidlegare pioneerprosjekt for Island Offshore. Fyrst ved boring av kjerneprøver for Statens Vegvesen i samband med utbygginga av fastlandssambandet Rogfast i Rogaland, og deretter for Centrica Energy der kveilerør vart nytta til boring av pilothol for å avdekkje grunn gass før oppstart av produksjonsbrønn. No er teknologien også kvalifisert på atskilleg større havdjup.

- Det er berre å gratulere prosjektet og mannskapet spesielt med framifrå gjennomføring, banebrytande løysingar og god HMS. Dette er heilt spesielt og viser kva TIOS og Island Offshore kan få til saman. Vi er stolte av å få tillit frå OD og håpar at dette kan bidra til starten på eit nytt norsk offshore eventyr, seier administrerande direktør i Island Offshore Management AS, Tommy Walaunet.

Totalt har dei vore om lag 50 personar med på toktet, inkludert fartøyet sitt faste mannskap, TIOS som hovedkontraktør, samt fleire geologar frå OD. Også Halliburton og Oceaneering har vore sentrale leverandørar til operasjonen.

Resultata av denne tredje kartlegginga vert ein viktig del av grunnlaget for ei ressursevaluering for havbotnsmineralar som Oljedirektoratet har fått i oppgåve å utføre frå Olje og Energidepartementet.