Gå til innhold
Annonse
Håvard Ulstein overlet roret i Island Offshore til Tommy Walaunet
Håvard Ulstein overlet roret i Island Offshore til Tommy Walaunet

Etter nesten 20 år som leiar for Island Offshore vel Håvard Ulstein å overlate roret til Tommy Walaunet. Dette skjer med virkning frå 1. september – eit skifte som har vore planlagt i fleire år:

Annonse

- Vi har avventa ei betring i marknaden og no meiner vi tida er inne, seier avtroppande administrerande direktør i Island Offshore Management AS, Håvard Ulstein i ein pressemelding.

- Det har vore ei spennande reise med ein fantastisk vekst sidan vi kjøpte vår fyrste båt i romjula i 1999. Vi har alle fått føle på ein bratt nedtur siste åra, men no ser vi pilene peikar oppover, og då kjenner eg at det er naturleg å overlate sjefsstolen til ein som vil sikre kontinuiteten i selskapet, legg han til.

Tommy Walaunet har lang erfaring i selskapet, og er godt budd frå si stilling som viseadministrerande direktør.

-  Håvard har gjort ein makelaus jobb for dette selskapet og er ein raus, inkluderande og kunnskapsrik leiar. Eg er veldig glad for at han skal halde fram i selskapet og veit at vi vil samarbeide godt. Personleg er eg særs takknemleg for den tilliten som eigarane gir meg og veldig motivert til å bidra i utviklinga av selskapet vidare, seier påtroppande direktør Walaunet.

Håvard Ulstein vil gå over i ei Business Development-rolle i selskapet, og held fram som medeigar.

Annonse