500 millioner og sju års kontrakt

Island Offshore har blitt tildelt ei kontrakt på sju års varigheit for subsea support- og konstruksjonsfartøyet Island Pride. – En bekreftelse på tiltro til fartøyet, mannskapet og den langsiktige stabiliteteen i rederiet, siert administrerende direktør i Island Offshore Management AS Håvard Ullstaein. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Island Offshore har blitt tildelt ei kontrakt på sju års varigheit for subsea support- og konstruksjonsfartøyet Island Pride. Det er selskapet Ocean Infinity som sikrar seg fartøyet til bruk som base og støttefartøy i innhenting og analyser av data frå autonome undervassfarkostar, i tilknyting til ei rekkje ulike operasjonar og formål globalt, kkem det fram i ei pressemelding. 

Ocean Infinity er eit relativt nystarta selskap, skipa i 2017, men er allereie i fremste rekkje når det gjeld avansert datainnhenting under havflata. Med si nyskapande og kosteffektive tilnærming til subseadata, er dei aktuelle leverandørar til alle som har behov for å lære meir om havet, og miljøet på havbotnen, enten dei er militære, myndigheiter eller kommersielle aktørar.

Island Pride

Island Pride er 103 meter i lengde, har ei breidde på 21 meter og eit fritt dekksareal på 880m2. Fartøyet er også utstyrt med ei djupvasskran og to arbeids-ROVar (fjernstyrte undervassfarkostar), og er ideell for Ocean Infinity sine operasjonar.

Fornøyde

Administrerande direktør i Ocean Infinity seier:

- Vi er veldig fornøgde med å ha sikra oss dette charteret med Island Offshore. Gitt vår suksess i marknaden, og vårt klare mål om framtidig vekst, følte vi at det var viktig å gå inn i langvarig partnerskap. Island Offshore har vist seg å vere eit framifrå rederi å arbeide saman med og vi ser fram til eit langt og fruktbart samarbeid no som selskapet held fram med sin hurtige vekst.

Tiltro

Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore Management AS, seier at denne kontrakta er ei stadfesting av tiltrua dei har til fartøyet, til mannskapet og den langsiktige stabiliteten til rederiet.

- Vi ser fram til å fylgje Ocean Infinity på vegen mot stadig nye teknologiske grensesprengingar, og synes det er svært gjevt at dei har valt oss til å hjelpe dei å nå desse måla, legg han til. 

Flere oppdrag

Island Offshore har siste månaden også tatt levering av og sikra arbeid for Island Diligence. Båten skal utføre walk-to-work arbeid for ein ikkje navngitt kunde frå 1.august, og i seks veker framover, pluss opsjon på seks veker til.

I tillegg har Equinor sikra seg Island Victory neste år for ankerhandtering og installasjonsarbeid på Njordfeltet. Island Victory er for tida under bygging i Braila, og skal slepast til Vard Brevik for ferdigstilling i haust. Levering på forsommaren neste år. Kontraktene har ein samla verdi på over 500 millionar kroner.