– Det er ingen tvil om at det einskilde dagar er for mange skip i Flåm og Geiranger. Det kan vi lett måla på NOx-nivået, seier avdelingsdirektør Bjørn Egil Pedersen i Sjøfartsdirektoratet. Foto: Vidar Alfarnes

Tidvis skadelege NOx-utslepp

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Av Vidar Alfarnes

Med god hjelp frå Rambøll, Universitetet i Bonn, innspel og uttalar har Sjøfartsdirektoratet prøvd å kartlegge utsleppa som skjer i verdsarv-fjordane våre.

– Etter ein periode med mykje skriverier og uro kring oppslag og bilete av cruisebåtar innhylla i tjukk røyk, ønskte Klima- og miljødepartementet ei kartlegging av utsleppa i desse fjordane prega av stor cruise-aktivitet. Vi tok på oss å samordne arbeidet, fortel avdelingsdirektør Bjørn Egil Pedersen i Sjøfartsdirektoratet.

Helsefarleg

– Kort oppsummert kan vi seia at nivået av nitrogenoksider (NOx) til visse tider går over verdiane som kan vere negative for folk si helse. Dette har vi målt både i Geiranger og i Flåm, seier Pedersen. I tillegg bidreg NOx saman med sot/røykpartiklar og vassdamp, til røykskyer. Kombinasjonen av eldre skip, talet på skip og meteorologiske forhold spelar også negativt inn på sistnemnde.

– Det har vore gjennomført ei spørjeundersøking, der samtlege farty som har vore i områda har fått oppmoding om å svare. Kring halvparten av cruisebåtane har kome med tilbakemelding. Spørsmåla har i stor grad handla om korleis dei opererer inne i fjordane. Belasting av motorane, trykk, temperatur og liggetid, forklarar Pedersen.

– Vask oftare

Basert på undersøkingane tyder mykje på at utslepp av kloakk og grovvatn frå dei større skipa, er eit mindre problem enn ein gjerne har trudd. Mange har gode reinsesystem om bord. Andre gjev meir eller mindre blaffen, sjølv om dei gjerne har utstyret. Det heng ofte saman med at skipa er bygd før krava om utstyret var kome, og slikt har jo aldri tilbakeverkande kraft.

Skipa varierer veldig i storleik og alder. Tolv prosent brukar framleis tungolje, andre marin diesel. Heldigvis ser ein også ei dreiing mot LNG, og andre miljøvenlege fyringsmetodar.

– Det som kanskje er litt skuffande, er at fleire alt no ser forbetringar etter at dei har køyrt vask på maskinane. Det er jo sjølvsagt positivt at dei vaskar, men dette burde jo vore gjort på «autopilot», sukkar Bjørn Egil Pedersen.