Illustrasjonsfoto: Ship of the Year 2009, Far Samson.

Ikkje krise i maritim næring

Den maritime næringa har klart seg bra, men er avhengig av ei ny ordrebølgje for å kome i gong, meiner økonomiprofessor.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Trass økonomiske nedgangstider, og lite nye ordrar, har den maritime næringa klart seg bra til no. Men dei er avhengig av ei ny ordrebølge, seier økonomiprofessor Arild Hervik til NRK.no

Trur bekymringa vil auke
- Dette er i ferd med å bli rimeleg tungt. Men samstundes er det grunn til å seie at denne næringa er van med tunge tider, seier Hervik.
På den årlege konferansen til den maritime klynga på Sunnmøre, la økonomiprofessor Arild Hervik fram ein rapport om ståda i næringa.

Han seier at industrien tærar på ordrereservane sine, men slik kan dei ikkje halde det gåande.
- Når me nærmar oss 2010 og 2011, så kjem nok bekymringa til å auke i næringa. Det store spørsmålet er: Når kjem neste ordrebølgje?

- Uroleg
- Forventar du tapte arbeidsplassar?
- Det vil nok gå tungt på sysselsetjingssida også i 2010, ned på grunnfjellet.
Karl Johan Bakken er administrerande direktør i Farstad Shipping. Han er uroa over situasjonen.

- Eg er uroleg over totalbildet i klynga her på Møre, fordi me ser ordretørken kome. Marknaden er slik at me er overmetta på skip, uansett segment. Det betyr at det vil bli ei pause på kontraheringssida ei stund framover. Det me er spent på er kor lang den pausen blir.