Nærings- og handelsminister Sylvia Brustad.

For ein framtidig miljøvenleg skipsfart

Regjeringa held fram satsinga på maritim forsking og innovasjon, og foreslår å løyve 187,6 millionar kroner til dette.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Marknadsføring av NIS-registeret blir vidareført for at fleire skip skal registrerast under norsk flagg. Rammevilkåra for skipsfarten ligg fast ved at regjeringa vidarefører nettolønnsordninga og skatteregimet.

– Det maritime Noreg bør gå føre i utviklinga av ny miljøvenleg skipsfart. Eit løft for maritim forsking, innovasjon og kompetanse vil danne eit fundament for næringa si konkurransekraft no og i framtida, seier nærings- og handelsminister Sylvia Brustad.

Regjeringa sin maritime strategi «Stø kurs» vert vidareført med ei satsing på maritim forsking, innovasjon og kompetanse i 2010.

– Regjeringa foreslår å styrka løyvingane til MAROFF-programmet under Noregs Forskingsråd, og vidarefører Innovasjon Noreg si ordning for miljøprosjekt i dei maritime næringane og utvikling av nærskipsfartsflåten, seier Brustad.

Målet er at Noreg skal vere ein verdsleiande maritim nasjon, og at dei norske maritime næringane skal levere dei mest innovative og miljøvenlege løysingane for framtida.

– Det er viktig med ei satsing på ein sektor som har blitt hardt ramma av finanskrisa. Tiltaka i den maritime strategien vil bidra til å styrke heile den maritime klynga, frå verft og utstyrsleverandørar til skipsfart og maritime tenester, seier Brustad.

Tilgang på konkurransedyktig eksportfinansiering er særleg viktig for dei maritime næringane. Regjeringa legg til rette for dette gjennom det offentlege tilbodet om eksportfinansiering som er betydelig styrka det siste året.

Regjeringa vidarefører ramma på 110 milliardar kroner for GIEKs alminnelege ordning neste år, medan ramma for byggjelånsgarantiordninga for skip settast til 6,5 milliardar kroner.

Bedre slepeberedskap
I budsjettet for 2010 foreslår regjeringa å øke bevilgningen til slepeberedskap i Nord-Norge og på Sørlandet med til sammen 127 millioner kroner, slik at det nå blir tre helårs slepefartøyer i Nord-Norge og ett døgnbemannet fartøy på Sørlandet. Kystverket skal også utarbeide en plan for etablering av slepebåtberedskap på Vestlandet.

Isgående forskningsfartøy
I forslaget til statsbudsjett 2010 er det satt av 5,5 millioner kroner over Havforskningsinstituttets budsjett til videre prosjektering og kvalitetssikring av et nytt isgående forskningsfartøy.

Nasjonal transportplan
Regjeringa følger opp Nasjonal transportplan gjennom å foreslå å øke de statlige bevilgningene til maritim infrastruktur og tjenester med 145 millioner kroner og å redusere avgiftene med 27 millioner kroner. Havnesikker¬hets¬avgifta avvikles og kystavgifta reduseres fra 34 til 30 prosent. Det foreslås å øke bevilgningene til utbedring av fiskerihavner og farleier med 50 millioner kroner og til utskifting av Kystverkets fartøy med 45 millioner kroner. Videre foreslås det å bevilge 25 millioner kroner til fornying av utstyr ved trafikksentralene, 10 millioner kroner til økt vedlikehold av navigasjonsinstallasjoner og 14,6 millioner kroner til økt planleggings- og analysekapasitet i Kystverket.