M/F «BERGENSFJORD» går idag i trafikk på dette sambandet. Foto: Harald Valderhaug.

Fjord1 med ny ferje på Boknafjorden

Avtale om sjette gassferje i Hordaland og Rogaland på plass

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Statens Vegvesen og Fjord1 har no signert avtala om ei ny gassferje på sambandet Arsvågen Mortavika. Dette blir den sjette gassferja i Hordaland og Rogaland.
Den nye gassferja skal etter planen bli sett inn som ferje nummer tre på sambandet Arsvågen-Mortavika i slutten av 2011, og skal i tillegg fungere som reservefarty på Halhjem-Sandvikvåg sambandet i Bjørnefjorden.
Ein gledens dag
Konsernsjef i Fjord1, Leif Øverland, seier at dette er gledens dag for trafikantane.
- Godt over to millionar privatbilar og godsbilar brukte sambanda i 2009, og utan den nye ferja ville køane blitt uhaldbare i tida framover.
Sambanda Arsvågen-Mortavika og Halhjem-Sandvikvåg er to av dei tre mest trafikkerte strekningane i landet, med 3,9 millionar PBE i 2009.
For dei reisande på sambandet vil den nye ferja gje eit betre tilbod.
- Ei tredje ferje vil avdempe kapasitetsproblema som har vore på sambandet, og betre trafikkavviklinga, seier administrerande direktør i Fjord1 Fylkesbaatane Stig Kristoffersen.
Øverland viste til at dette er også er ein stor dag for miljøet, ettersom dei naturgassdrivne ferjene er svært miljøvenlege.
Det at styresmaktene har sterkt fokus på miljøvenlege former for energibruk i anbodssamanheng er svært gledeleg.
Ferja vil halde 21 knops fart, gå på gass og ha opptil same kapasitet som de øvrige gassferjene i området. Den tredje ferja vil bli sett i drift frå måndag til fredag og sundag, og skal gå i høgtrafikkerte tider på døgnet, med 20 minutt mellom kvar avgang. Ved planlagde verkstadopphald skal ferja også vere reservefartøy for Bjørnefjorden, og for dei to andre ferjene i Boknafjorden. Ved uføresette driftsopphald, vert ferja i Boknafjorden teken ut etter eit nærare bestemt tal timar og overført til Bjørnefjorden. Sambandet vil då gå etter rutetabell som i dag.