Foto:Ulstein Group/Tony Hall

Bevist av Olympic Shipping: Miljøvennlege operasjonar

Olympic Zeus og søsterfartøyet Olympic Hera av A122-design frå Ulstein er to av dei største ankerhandteringsskip (AHTS) / offshore konstruksjonsskip levert frå Ulstein Verft nokon gong. Men dei brukar også ein god del mindre drivstoff enn føregåande AHTS / offshore konstruksjonsskip i marknaden. Den tilsynelatande sjølvmotsegna har no blitt realisert, og Olympic Shipping er svært nøgd med resultata.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Då Olympic Shipping starta planlegginga på å få bygd dei to fartøya, var dei ikkje berre på jakt etter avanserte skip som ville vere i stand til å utføre krevjande marine operasjonar på store havdjup, men også skip med ein miljøprofil.
- Olympic Shipping ønskjer å redusere utsleppa frå skipa våre, og det spelte inn i valet vårt av ei hybrid (dieselmekanisk/dieselelektrisk) framdriftsløysing på dei to fartøya. Teknologien var på plass, men alle muligheitene som denne gir, var endå ikkje tatt i bruk på denne typen skip. Vi inviterte tre skipsdesignselskap og skipsverft til å hjelpe oss med å gjere noko med denne utfordringa. Vi fann at Ulstein Verft og Ulstein Design & Solutions hadde det beste forslaget, og deira kombinasjon av kvalitet, omdømme, soliditet og kunnskap forsegla avtalen, seier Olympic Shippings direktør Runar Stave.
Kombinasjonen av funksjonalitet og miljø er ikkje noko ein normalt vil assosiere med denne typen fartøy.
- Ankerhandteringsfartøy brukar vanlegvis mykje drivstoff, på grunn av behovet for å kunne tilby mykje kraft, og evne til å takle dei veldige kreftene frå vind, sjø, straum og store havdjup, samt tilhøyrande utstyr som skal halde fast oljeplattformane, seier Stave. Men Olympic sin miljøvisjon inneber at selskapet ønskjer å overvinne utstyrsmessige og designmessige miljøutfordringar ved å arbeide smartare på tvers av bransjen. Det nye hybridskipet - det første for både Olympic og Ulstein - er eit gigantisk skritt i riktig retning.
Meir enn berre grønt
Etter at Olympic Zeus og Olympic Hera blei leverte i 2009, har begge vore fullt utnytta i spotmarknaden i Nordsjøen, blant anna av Statoil, BP Norge og AGR. Tilbakemeldingane frå kundane så langt har vore overveldande, klientane er forbløffa over arbeidet fartøya kan utføre.
- På ein av de første jobbene lurte kunden vår på om Olympic faktisk var med på å subsidiere drivstoff sidan dei meinte det ikkje var mulig å arbeide med så lavt drivstoff-forbruk, seier kaptein på Olympic Zeus Even Remøy. - For å bevise ytingsgraden bad eg om løyve til å flytte eit heilt ankersystem som blei brukt på ein rigg. Til ei slik oppgåve krevjast normalt 2-3 skip. Systemet bestod av totalt åtte anker med om lag 10.000 meter kjetting og wire, og vi utførte jobben. Så vidt eg vet, har dette aldri vore gjort før.
Remøy, som starta som kaptein på Olympic Zeus før ho var ferdig og tok henne ut på jomfruturen i april 2009, seier at i tillegg til hennar miljømessige kvalitetar, er fartøyet svært stabilt og komfortabelt for mannskapet. – Både mannskapet og eg føler at Olympic Zeus er ein utroleg bra stad å jobbe. Ikkje berre på grunn av lite vibrasjon og støy, men også alle dei fasilitetane som eit multinasjonalt mannskap kan ønskje, seier han og legg til at dei totale tank-, trommel- og krankapasitetane skil seg ut frå alle andre fartøy han har vore kaptein på.
Både Olympic Hera og Olympic Zeus har lave NOx-utslipp og oppfyller DNV sine Clean Design-kriterier. Viss ein tek utgangspunkt i at fartøya berre treng lav eller middels kraft mesteparten av tida dei er i drift, kan motorane køyrast med optimal drivstofføkonomi. Slike drivstoffinnsparingar er ikkje berre høge - dei er også målbare.
- Etter ei rekke jobbar, har vi bevist for marknaden at vi i snitt kan køyre skipet på 70% av dei drivstoffmengdene eit konvensjonelt dieselankerhandteringsfartøy forbrukar, og at vi kan spare opp til 70% i enkelte modusar samanlikna med eit konvensjonelt skip, seier Stave.
- Ein ekte hybrid gir ei verd av muligheiter. Mange av våre konkurrentar har ei ”boost”-løysing, der dei rett og slett ikkje kan utføre ankerhandtering i dieselelektrisk modus, sjølv om systema er "hybride". Den dieselelektriske kapasiteten deira er for liten. Dei har berre kapasitet til å sette inn ekstra krefter på det dieselmekaniske systemet ved å tilføre dieselelektrisk kraft ved ein maksimal kondisjon. Dei greier ikkje å oppnå same drivstoff-forbruk og utsleppssparing som vi gjer, på grunn av at vår dieselelektriske andel er større og kan brukast i dei fleste normale arbeidsoperasjonar, avsluttar ein nøgd Stave.
Fruktbart samarbeid
Samarbeidet mellom Olympic Shipping og Ulstein Group er ikkje første gong dei to selskapa har arbeidd saman. Ikkje berre var Olympic Shipping Ulstein Design & Solutions sin aller første klient, men det har også vore eit godt samarbeid dei siste åra - og ikkje minst gode resultat - med ankerhandteringsfartøya Olympic Pegasus og Olympic Hercules av A101-design frå Ulstein.