
Ukens skipsbesøk: MS Hans
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Keneth Larsen frå Finnsnes er ein morosam og uredd type. Det tok litt tid å få starta opp selskapet, men når han først var i gang har han ikkje sett seg mykje tilbake.
Av Vidar Alfarnes
Finnsnes Dykk & Anleggservice AS kom nett heim med båt nummer seks, MS "Hans”. På vegen vart det også tid til nokre dagars landligge i Trondheim. I samband med Aqua Nor.
– Gult er kult, smiler Larsen, og viser oss meir enn gjerne rundt på den påkosta farkosten.
Tre på rappen
– Prislappen er 33 millionar kroner, men så har vi også fått ein båt for framtida. Ikkje minst har vi investert i ein langt større krane enn vi måtte. Rett og slett for å posisjonera oss litt for den utviklinga vi ser. Dette er andre båten vi får frå Fitjar Mekaniske Verkstad på litt over eitt år, og vi er såpass nøgd med oppdragsgjevaren at vi har tinga endå éin, røpar Larsen.
Går alt etter planen vil eit identisk farty som MS ”Hans” vera på veg til Finnsnes innan adventstida set inn.
Høg standard
– Då vil vi ha sju farkostar totalt, og det er jo ikkje så verst når eg fekk den første på plass i 2012. Prøvde å kome i gang tidlegare, men ville helst ikkje ha investorar med på laget. Då måtte eg i staden vente til eg hadde spart opp tilstrekkeleg eigenkapital, seier dagleg leiar og eigar.
MS ”Hans” vart levert på dagen som avtalt. Dermed fekk også verft og eigar vist båten fram på Skansen i Trondheim, sist veke.
– Mange nytta sjansen til å ta seg ein tur om bord, og dei fleste blei nok ein smule overraska over standarden. Du ser at vi ikkje nett har gått for IKEA-løysingar. Trur vi har brukt 120.000 kroner berre på musikkanlegget om bord. Det skal vere kjekt å jobbe for Finnsnes Dykk & Anleggsservice AS, slår Larsen fast.
Til Finnmark
MS ”Hans” er no nett innom Finnsnes for å få om bord litt ekstra utstyr, før turen går vidare nord til Finnmark. Der skal han rett i arbeid for Grieg Seafood. Med Øksfjord, Alta, Hammerfest og Honningsvåg som naturlege destinasjonar.
Båten har eit mannskap på tre, og er tenkt nytta til tunge løft, dykke- og ROV-operasjonar, luse- og sjukdomsbehandling, samt reinhald og spyling. FMV234 er nok ein båt i det populære Sørfonn-designet, og er også tilrettelagt for ei mogleg forlenging i framtida.
MS Hans
Designet til MS Hans er HFMV W15 Sørfonn
Hoveddimensjoner 14,95 x 12 x 3,9 meter.
Båten har et mannskap på tre.
FMV234 har stor løftekapasitet (bla 150 tm kran) og mye dekksutstyr. Sørfonn klassen er et solid fartøy som kan tilpasses tunge tak, dykke/ROV operasjoner, luse/sykdomsbehandling og renhold/spyling. Det er også tilrettelagt for framtidig forlengelse av fartøyet.
Båten er p.t. på kontrakt med Grieg Seafood Finnmark.