Oceana vel PSV-skipsdesign frå ULSTEIN

Reiarlaget Oceana Offshore i Brasil har valt å bygge to plattform forsyningsfartøy (PSV) med ein opsjon på ytterlegare to fartøy baserte på PX105-designen frå ULSTEIN. Skipa vil bli bygde ved det nye verftet deira, Oceana Shipyard, og er planlagde for levering i april og mai 2016.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Oceana Offshore gjekk inn for PX105-designen vår, ein designplattform som er vel utprøvd på fleire siglande skip. Kontrakten vår med Oceana inkluderer design og ei omfattande hovudutstyrspakke, I tillegg til engineering og innkjøpsassistanse, seier senior forretningsrådgjevar Erik Andreassen i Ulstein Design & Solutions. Han held fram:

- Vi er takksame for den tilliten vi vert synte med denne kontrakten, og ser fram til å gå inn i dette prosjektet saman med ein ny og framtidsretta partnar. Vi ynskjer å takke dei involverte på begge sider, for eit langt samarbeid som til slutt førte fram til denne avtalen. Vi trur Oceana Offshore kjem til å bli svært nøgde med dei nye fartøya sine.

- Vi er veldig nøgde med at Ulstein Design & Solutions vert det selskapet som skal designe dei første skipa som vil bli bygde ved det nye verftet vårt i Itajai. Vonleg vert dette starten på eit langt partnarskap, seier konsernsjef Paul Kempers i Oceana Shipyard.

Skipa til Oceana er tiltenkte å arbeide i den brasilianske oljeindustrien.

PX105-designen er eit stort plattform forsyningsfartøy med innreiing for 23 personar. Skipa er 88,9 meter lange og 19 meter breie. Med ei dødvekt på 4700 tonn tilfredsstiller dei Petrobras sine krav om ei dødvekt på 4500 tonn (PSV 4500 tender). Skipa har høg operabilitet og kan ta på seg komplekse oppdrag langt frå land. Dei har X-BOW®-skroglinjeform, noko som eliminerer slag og bråstopp frå sjøen. Skipa er kostnadseffektive og sparer drivstoff, og mannskapa får meir effektiv kvile, noko som aukar sikkerheita.

- Oceana Offshore S.A.er støtta av dei solide investerings- og engineeringspartnarane P2 Brazil og BNDES. Verftet deira, Oceana Shipyard, er under bygging i Itajai i Santa Catarina-regionen, som er ei maritim klynge av verft og leverandørar, kommenterer Andreassen.