Arkivfoto

Travelt år for Kystvakten

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kystvakta har motteke nærare 56 000 meldingar i år. Det er ein auke på ti prosent frå året før.

Det har vore eit viktig år for Kystvakta med ny sjef og deltaking i internasjonale operasjonar. Dette kjem i tillegg til avdelinga sine vanlege oppgåver som myndigheit i Noreg sine havområde.

Året i tal

I 2014 har Kystvakta gjort i underkant av 1 600 inspeksjonar. Dei har gitt 381 advarslar, og 37 gongar har inspektørane avdekka regelbrot. Desse har ført til politimeldingar eller tilbakehalding ved norske hamner for vidare etterforsking. Samstundes har Kystvakta utført rundt 2 750 oppdrag for eksterne etatar som tollvesenet og politiet. Kystvaktsentralen har i år motteke over 56 000 meldingar, noko som er ein auke på nærare ti prosent frå 2013. Kystvakta har også delteke i 35 redningsaksjonar og gjort 22 slep.

Ny sjef

13. mars 2014 tok flaggkommandør Sverre Nordahl Engeness over som sjef for Kystvakta etter flaggkommandør Lars Saunes. Berre dagar seinare segla kystvaktskipet "Andenes" til middelhavet. Der gjorde skipet internasjonal teneste i operasjon Recsyr. I nærare tre månadar bidrog skipet og mannskapet i arbeidet med å frakte 1 300 tonn kjemiske stridsmiddel ut frå Syria.

– Trass høg og variert aktivitet, har Kystvakta likevel ikkje nådd talet på patruljedøgn som vi hadde sett som mål. Dette skyldast hovudsakleg plutselege opphald på verkstadar for nokre av fartøya, og nødvendig installasjon av data og kommunikasjonsutstyr på dei mindre fartøya i Indre Kystvakt, seier Engeness.

Kilde: Forsvaret.no