Kleven Maritime sjøsett Rem Commander frå beddingen på Kleven Verft

Laurdag 12.03.2011 vert B344, det første av to plattformservice-farty til Rem Offshore, sjøsett frå beddingen på Kleven Verft i Ulsteinvik .

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kontraktane på desse fartya vart inngått mellom Kleven Maritime og Rem Offshore i april i fjor og den første, Rem Commander, er no klar for sjøsetting.
Rem Commander skal utrustast ved Kleven Verft og leverast til reiarlaget i slutten på juni i år. Fartyet representerer ein ny generasjon miljøvenlege og driftssikre plattform-servicefarty, der det er lagt stor vekt på miljø, drivstofføkonomi og lastekapasitet både under og over dekk. Med lett isklasse (ICE C) vil fartya vere eigna for nordområda, og avansert utstyr for oljeoppsamling (OIL REC NOFO 2009) vil auke attraktiviteten i marknaden. Dødvekta er på om lag 5 000 tonn, lengde 85 meter, breidde 20 meter, dekksarealet er på over 1 000 m2. Klassenotasjon Clean Design sikrar lave utslepp ved katalysator på motorane, i tillegg er fartya utrusta med rensesystem for ballastvatn, som er eit nytt miljøkrav for denne type farty.
Sjøsettinga er planlagt til kl. 15.00, laurdag 12.03.2011, og alle er velkomne til å sjå på.