UT 755 LN

Rolls-Royce skal levere nok eit design til Kina

Rolls-Royce kan legge til ytterlegare 55 millionar kroner i ordreboka for i år, når det no vert innløyst ein opsjon frå den nyleg annonserte kontrakta med Jiangsu Eastern Heavy Industries Co., Ltd. i Kina.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Verftet skal no bygge tre plattform supplyfartøy (PSV) av typen UT 755 LN, og det er framleis opsjon på eit fjerde fartøy inkludert i kontrakta.

PSV’ane er designa for transport av fast og flytande last til å frå offshore olje- og gassplattformer verda over. I tillegg til design skal Rolls-Royce levere ein omfattande utstyrspakke inkludert hovudmotorar, akselgeneratorar og tavler frå Bergen, propellar og thrusterar frå Ulsteinvik, automasjon- og kontrollsystem frå Longva samt styremaskin, ror, bulkhandteringsanlegg og dekkmaskineri frå Brattvåg.

Dette siste fartøyet skal leverast i 2014.