Is skaper los-utfordringar

Sprengkulda set sitt preg på losskøyta "Los 117". (Alle foto: Kystverket)
Sprengkulda kan skape utfordringar for lostenesta, men vil neppe stanse den.

Det er særleg i Oslofjorden og utover mot Skagerrak at ein ser at isen kan by på utfordringar. Likevel er ikkje sjef for hamne- og farvatnavdelinga i Kystverket Sørøst, Harald Andreassen, spesielt uroa over situasjonen.

– Vi har ikkje hatt spesielle problem enno. Det har heldigvis vore ein del vind, og då legg ikkje isen seg . Skulle det bli ei langvarig periode med vindstille i denne kulda, så kan utfordringane kome, seier Andreassen til Kystverkets hjemmesider.

Har takla is før også
– Men vi har takla isproblem tidligare også. Det har til dømes hendt at vi har leigd inn taubåtar for å løyse utfordringane. Så vidt eg veit har vi ikkje hamna i ein situasjon der lostenesta har blitt stoppa – i alle fall ikkje i nyare tid, legg han til.

I følgje hamne- og farvatnsjefen er det losfartya som er stasjonert ved losstasjonane på Skibstadsand, Hvasser, i Langesund og til ein viss grad Kristiansand som kan få isproblem.

Føre var
– Vi gjer fortløpande vurderingar av situasjonen og har sjølvsagt sett i gong førebuande tiltak, til dømes ved å innhente prisar på leigemateriell. Losskøyta «Los 117», som er ei backup-skøyte som blir rotert mellom losstasjonane i region Sørøst etter behov, er isforsterka og utrusta for operasjonar i områder med is. Den har no blitt flytta til Skibstadsand, som er den losstasjonen som først kan få store problem med isen. Vi førebur oss på kva som kan kome og prøvar å vere føre var, fortel losoldermann Geir Eikeland ved Skagerrak sjøtrafikkavdeling.

Bankar is
– Vi har henta fram igjen løsskøyta «Los 78», som i ein periode har vore i opplag og planlagt selt, for den har isgåande eigenskapar. Utan den måtte vi ha leigd inn andre farty med isgåande eigenskapar. Vind og kulde gjer at losskøytene isar ned og misser stabilitet, og det gjer at vi må samordne losane på ein heilt annan måte fordi ein må banke is mellom oppdraga, opplyser losoldermann Elise Rusten ved Oslofjorden sjøtrafikkavdeling.

DEL