Vann IRO sin innovasjonspris

Ill.: Ulstein Colibri

Ulstein Equipment B.V. vart heidra med IRO Oil & Gas sin innovasjonspris for Ulstein Colibri, eit produkt til bruk på tuppen av ei kran, og med eit 3D-rørslekompensert handteringssystem for å auke operasjonsevna til eit fartøy.

Systemer gjer at mindre og meir kostnadseffektive fartøy kan bli nytta ved dårlege vêrtilhøve. Torsdag 3. desember 2015 vart IRO Oil & Gas Innovation Event arrangert i Nederland. På dette arrangementet fekk tre førehandsutplukka selskap presentere innovasjonane sine. Deltakarane på arrangementet valte selskapet Ulstein Equipment som vinnar med sin Ulstein Colibri.

Ulstein Colobri kan monterast på tuppen av ei kran. Dette kostnadseffektive og kompakte tilleggsutstyret for kraner kan bli montert på standardkraner, både nye og eksisterande. Det elektrisk drivne systemet har effektivt kraftforbruk, og høver godt til arbeid for offshorevindindustrien og olje- og gassmarknaden.

 

 

DEL