Ulsteinkonsernet kjøper Sea of Solutions

Bob Rietveldt (til v) og Tore Ulstein signerer avtalen som innebærer at Ulsteinkonsernet kjøper det nederlandsbaserte selskapet Sea of Solutions. – Sammen skal vi skape enda fleire og betre løysningar, seier Rietveldt optimistisk.
Avtalen som innebærer at Ulsteinkonsernet kjøper det nederlandsbaserte selskapet Sea of Solutions vart signert tidlig i mars. – Dette er svært gledelig og eg er overbevist om at dette vil styrke konsernet for framtida, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i ein kommentar.

– Ulsteinkonsernet ønskjer å utvikle seg til å bli eit attraktivt kontaktpunkt for store oljeselskap og offshore-kontraktørar i forsøk på å finne nye og alternative løysingar til desse utfordringane. Saman med Sea of Solutions vil Ulsteinkonsernet få større produkt- og tenesteportefølje og auka kompetansen innan prosjektutvikling. Selskapet har allereie demonstrert at dei er i stand til å utvikle krevjande løysingar, seier Tore Ulstein adm.dir. i Ulstein International.
Både Ulsteinkonsernet og Sea of Solutions har leiande posisjonar innan internasjonal offshore-industri og er kjende for innovative skipskonsept.
– Vi ser mange likskapar mellom Sea of Solutions og Ulsteinkonsernet. Som innovatørar har både Sea of Solutions og Ulstein brukt tid på å lære oss utradisjonell tenking innan design og utvikling. Difor er det særs spennande å sjå kva som kan kome ut av det når to så innovative selskap slår hovuda saman, påpeikar Tore Ulstein i Ulstein.
Bob Rietveldt, som er marknadsdirektør i Sea of Solutions, er viss på at selskapet vil vekse på å verte ein del av Ulstein: – Vi kan då tilby kundane våre eit breiare tilbod, seier han.

Utviklar offshore-konstruksjonsskip
– Sea of Solutions utviklar store offshore-konstruksjonsfartøy som vil verte eit nytt tilskot til Ulstein sin produktportefølje. Skipa vert nytta til undervassoperasjonar som boring, rørlegging og tungløftsoperasjonar. Dette er store, flytande produksjonsskip, og selskapet Sea of Solutions har opparbeidd eit solid omdøme innanfor dette segmentet, fortel Tore Ulstein.
Både Ulsteinkonsernet og Sea of Solutions har eit godt renommé i den internasjonale offshoremarknaden, og høyrer til i kvar si maritime klynge; Ulstein på Sunnmøre og Sea of Solutions i klynga rundt Rotterdam i Nederland.
– Begge selskapa erfarer fordelane med å vere del av ei klynge. Konkurransekrafta aukar og med samarbeid mellom selskap frå to ulike klynger trur vi gevinsten vil verte enno større. Vi opererer begge innanfor offshore-segmentet, og har etterkvart tileigna oss stor kunnskap innanfor ulike felt på dette området. Difor kan vi lære mykje av kvarandre, seier Bob Rietveldt.

Sea of Solutions
er eit ungt og dynamisk selskap som utviklar prosjekt for operatørar, leverandørar og reiarar innan marknaden for prøveboringar, konstruksjon og produksjon og maritim transport, I tillegg til innovative design for nye fartøy, arbeider selskapet også med oppgraderings- og ombyggingsprosjekt. Selskapet vart etablert i 2001, og har i dag tolv tilsette. Det nye selskapet får navnet Ulstein Sea of Solutions.

Ulsteinkonsernet feira 90 år i 2007. I løpet av åra har verksemda utvikla seg til å verte ei føregangsverksemd innan utvikling og bygging av avanserte offshorefartøy. I dag er verksemda toneangivande innan skipsdesign, skipsbygging og elektro- og kontrollsystem. Eit godt eksempel på dette er ULSTEIN X-BOW – ein revolusjon innan skipsdesign. Selskapet har i dag 680 tilsette, fordelte på seks land.

DEL