Våre strategiar er vekst, internasjonalisering og innovasjon. Vi må ut i verda og hjelpe kundane der dei er, seier konsernsjef Gunvor Ulstein.

Ulstein satsar nytt

Ulsteinkonsernet etablerer eit selskap som skal yte tenester til den internasjonale shippingindustrien. Selskapet får namnet Ulstein Marine Services (UMS) og skal levere tenester innan ettermarknad, teknisk drift av skip og tenester innan personal/bemanning.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Konsernsjef Gunvor Ulstein seier at etableringa av UMS er i tråd med konsernet sine strategiar om internasjonalisering og vekst.
- Vi er ein betydeleg aktør innan design, engineering og produksjon. Innan operasjon har vi eigarinteresser og tilbakeføring av kunnskap gjennom erfaringar frå reiarlag. Etableringa av UMS vil styrke og utvikle oss innan service og tenester for operasjon av fartøy. Dette vil igjen kunne føre tilbake mykje sentral kunnskap til konsernet, både i design-, engineerings- og produksjonsfasen, seier ho.
Administrerande direktør for det nye selskapet er Jens Lassen, som har lang og solid bakgrunn frå shippingbransjen. Han har jobba mykje med prosessforbetringar og endringsleiing. Han er ein pådrivar for bruk av moderne og nye verktøy og metodar i shippingindustrien.
Kontor i Oslo
Ulsteinkonsernet har etablert kontor i Oslo, og leiinga i Ulstein Marine Services jobbar ut frå dette kontoret. Vidare jobbar dei no med å byggje opp einingar ved sentrale hamner kring om i verda.
Solid erfaring
Jens Lassen kjem frå stillinga som administrerande direktør i Stolt-Nielsen Shipowning, Rotterdam. Før det var han visepresident for Marine Operations i Royal Caribbean Cruise Lines, Miami. Han har i ei årrekkje jobba i ulike stillingar for DNV internasjonalt. I 10 år jobba han i V. Ships Norway AS som teknisk direktør.