Ulstein opnar produksjon i Kina

Torsdag 16. oktober opna produksjonslokala til Ulstein Marine Equipment i Kina. Selskapet skal produsere elektrokomponentar og systemløysingar utvikla av Ulstein Elektro.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- På sikt skal produksjonen i Kina vere med på å styrke miljøet vårt og auke konkurransekrafta vår også her i regionen, fortel visekonsernsjef Tore Ulstein i Ulsteinkonsernet.
Produksjonsaktivitetane til Ulstein Marine Equipment er plasserte i eit 2000 m2 stort lokale i Ningbo i Kina. Ulsteinkonsernet har også eit representasjonskontor i Shanghai. Både selskapet i Shanghai og i Ningbo er bygd opp av administrerande direktør for selskapa, Vidar Eikrem.
Eivin Sæther er viseadministrerande direktør for Ulstein Marine Equipment, og skal leie produksjonen som ei produksjonsavdeling for Ulstein Elektro.
- Kina har stor skipsbyggingsaktivitet, og denne marknaden er svært relevant for Ulsteinkonsernet. Vi har ein strategi om å vekse internasjonalt, og Kina har vore eit satsingsområde gjennom fleire år. I seinare tid har Ulsteinkonsernet vist at vi er i stand til å dele kompetanse og erfaringar med aktørar i andre land, seier Tore Ulstein og held fram:
- Ved å etablere produksjon av elektrokomponentar i Ningbo vil vi kunne levere fleire gode system og løysingar til Ulsteindesign som er under bygging i Kina. I tillegg vil vi på sikt kunne auke Ulsteinkonsernet sin totale produksjonskapasitet av elektrokomponentar og systemløysingar. Vi vil halde fram med produktutvikling og produksjon i Noreg, medan vi ser der kan vere mykje å hente på å gjere enklare produksjon i utlandet, seier Tore Ulstein.

Sals- og representasjonskontoret i Shanghai jobbar også kontinuerleg med å selje inn nye moglege designprosjekt i den kinesiske marknaden. Oppstarten av produksjon av elektrokomponentar i Ningbo vil auke produksjonskapasiteten innan elektroleveransar i Kina, og på sikt også for fleire marknadar enn den kinesiske.